Kristian Olai Rasmusson Sandnes (16. juli 185626. april 1943) var ein norsk gardbrukar, fiskar og stortingsmann frå SyvdeSunnmøre.

Kristian Sandnes
Fødd16. juli 1856
Død26. april 1943 (86 år)
Statsborgar avNoreg

Sandnes var eldste son til bonden på bruket Sandnesvika på matrikkelgarden Sandnes i bygda Syvde på Søre Sunnmøre, og tok i si tid over farsgarden. Frå ung alder dreiv han også fiske på sunnmørskysten og var i 30 år styresmann på eigen båt.

Sandnes var med i Vanylven heradsstyre i over 25 år og ordførar i 10 år. Han var styremedlem i skogselskapet og landbruksselskapet i Romsdals amt, samt styrmedlem i den lokale sparebanken.

Valperioden 1910-12 representerte Sandnes einmannskrinsen Søndre Sunnmør på Stortinget, vald for Frisinna Venstre. Han vart vald i andre valomgang, med støtte frå fråhaldrørsla fekk han fleire røyster enn motkandidaten frå Venstre, Anders Vassbotn. På Tinget hadde Sandnes plass i Næringskomite nr 1.

KjelderEndra