Kristian Tønder

norsk prest, politikar (Ap) og redaktør

Kristian Pedersson Tønder (9. november 18609. mars 1934) var ein norsk prest og politikar frå Nesna i Nordland. Han representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1916 til 1933.

Kristian Tønder

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. november 1860
Død

9. mars 1934 (73 år)

Yrke politikar, prest, redaktør, teolog
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Kristian Tønder på Commons

Tønder var fødd i Sørli i Nesna, der foreldra hans dreiv gard. Sjølv gjekk han skulevegen og tok eksamen ved Tromsø seminar i 1883. Frå 1887 studerte han teologi ved universitet i hovudstaden og vart cand.theol. i 1894. Han arbeidde som lærar i Kristiania til 1901, då han tok det praktisk-teologiske seminaret. Frå mai 1902 var han i fem år prest i Ibestad. I den lange perioden frå juni 1907 til 1931 var han sokneprest i Salangen. Han var ordførar i Salangen frå 1904 til han døydde i 1934, og hadde fleire andre tillitsverv i heradet.

I 1911 grunnla Tønder avisa Folkeviljen og var den fyrste redaktøren for bladet. Tønder var så stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i seks periodar frå 1916. Den fyrste treårsperioden vart han vald frå einmannskrinsen Trondenes, i den neste frå einmannskrinsen Senjen. Sidan representerte han Troms, då det atter vart fylkesvise valkrinsar. På Stortinget var Tønder mellom anna ein ihuga fråhaldsmann, leia Arbeidarpartiet si fråhaldsgruppe dei to periodane han var tingmann.

Kjelder endre