Kristian Thorstvedt

Kristian Thorstvedt (fødd 13. mars 1999) er ein norsk fotballspelar, fødd i Stavanger. Han vart norsk meister med Viking FK i 2019 og belgisk cupmeister 2021 med KRC Genk. Erik Thorstvedt er far hans.

Kristian Thorstvedt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mars 1999 (25 år)
Stavanger kommune
Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Thorstvedt er midtbanespelar og var aktiv for Viking på nivå 2 i 2018 og eliteserien i 2019. 8. desember 2019 var han med om å vinne cupfinalen på Ullevål stadion med 1–0 over FK Haugesund. Sidan nyåret 2020 har han kontrakt med den belgiske klubben KRC Genk. 25. april 2021 spelte han nesten heile kampen då Genk slo Standard Liège 2–1 i den belgiske pokalfinalen.

Landslagsspel endre

Thorstvedt fekk sin landslagsdebut 18. november 2020. I den såkalla naudlandslags-kampen var han innbytar då Austerrike og Noreg spelte uavgjort 1–1 i Wien. Per 1.1.2022 hadde han delteke i 11 kampar og skåra 3 landslagsmål.

Merittar endre

  • Norsk cupmeister: 2019 med Viking FK
  • Belgisk cupmeister: 2021 med KRC Genk

Kjelder endre