Kristoffer Skåne Grytnes

norsk politikar

Kristoffer Skåne Grytnes (27. juli 188722. juli 1965) var ein norsk skulemann og politikar, fødd i Horten.

Kristoffer Skåne Grytnes
Fødd27. juli 1887
Horten
Død22. juli 1965 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Grytnes var son til ein vognmann i Horten. Sjølv gjekk han skulevegen, og fullførte Notodden lærarskule i 1908. Same året vart han lærar i framhaldsskulen i Grue, åra 1909-13 ved folkeskulen i heimbyen. Frå 1913 til -20 underviste han ved den kristelege folkehøgskulen Danvik i Drammen, med unnatak for vinteren 1918/19, då han studerte ved Statens lærerhøjskole i København. Etter å ha vore lærar i tre år i Eidanger, fekk han i 1923 stillinga som styrar ved Fredheim ungdomsskole (=folkehøgskule) i BrønnøyHelgeland, der han vart verande til 1952.

Allereie i sitt fyrste år i Brønnøy vart Grytnes vald inn i menigheitsrådet, sidan var han i mange år medlem av bispedømmerådet i Hålogaland. Han var også formann i Norsk søndagsskoleforbund. Ved stortingsvalet hausten 1949 erobra han åttandemandatet i Nordland for Kristeleg Folkeparti, og vart dermed partiet sin fyrste stortingsrepresentant frå Nord-Noreg. Heile tingperioden 1950-53 var han medlem av protokollkomiteen.

Kjelder endre