Kroppsmåling
Kroppsmåling er dekorering av naken menneskehud ved hjelp av ulike pigment. Blant fleire folkegrupper, mellom anna urfolk i Afrika, Nord-Amerika og Oseania, er kroppsmåling ein del av tradisjonell kultur for å smykka kroppen. Slik pynt kan inngå som del av rituelle handlingar og seremoniar, til dømes i form av krigsmåling. I moderne vestleg kultur blir kroppsmåling oftare brukt for å skapa merksemd om ei sak, ikkje sjeldan som ei politisk ytring i ein protestaksjon, eller som eit kunstuttrykk. Sportssupporterar målar ofte ansikt og overkroppar med flagg og fargar til det laget dei heiar på. Jegerar og soldatar kan kamuflera seg med mørk eller flekkete ansikts- og kroppsmåling.
Sminke blir vanlegvis ikkje kalla kroppsmåling.
Tatovering er ei varig form for kroppsdekor.
Døme
endre-
Aranda-menn (arrerntéar) pynta med seremoniell kroppsmåling til corroboree, ei rituell høgtid blant australske aboriginar, omkring 1900.
-
Japansk turist i Kyototradisjonelt utkledd sommaiko, ein geisha-lærling, med kvitsminka ansikt og øvst på ryggen, wareshinobu-frisyre ogkarakasa-paraply
-
Soldat i den amerikanske hæren som målar ansiktet ikamuflasjemønster under ei militærøving i Puerto Rico i 1998.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kroppsmaling» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2024.