Kryogenium (gresk cryos, tyder «kald», og genesis, som tyder «fødsel») er den andre geologiske perioden i neoproterozoikum. Han varte i perioden som byrja for 850 millionar år sidan og enda for 635 millionar år sidan. Før kryogenium kom tonium og etter denne perioden kom ediacara. Sturti- og Marino-istida, som var dei mest omfattande istidene ein kjenner til og som kan ha dekt heile planten, oppstod i denne perioden. Desse hendingane, som stundom vert kalla «snøballjorda» er omdiskuterte, og forskarane er ueinige om isen under desse istidene verkeleg dekte heile jorda eller om dei var meir lokale.

Perioden er ikkje internasjonale anerkjend enno, som mange andre geologiske tidsperiodar er. Perioden er berre definert ut frå dateringar av berglag og ikkje observerte og dokumentert systematiske hendingar globalt. Dette er problematisk sidan datering av stein varierer og at det kan gjerast feil i laboratoria. Til dømes er ikkje perioden kambrium definert ut frå berglag som er yngre enn ein viss alder (542 millionar år sidan), men ved sporfossil av Phycodes pedum verda over. Dette betyr at bergartar kan vert gjenkjent som kambriske i felten og det krev ikkje vidare testing i laboratorium for finne kva periode dei høyrer til. Enno er ein ikkje einige om kva global hending som er passande til å markere starten på kryogenium og starten er berre omtrentleg sett til 850 millionar år sidan.

Namnet refererer til det svært kalde globale klimaet som var i perioden, og isbreavleiringar indikerer at jorda opplevde dei mest omfattande istidene nokon gong i denne perioden. Isbreane dekte enorme område og kan ha nådd heilt til ekvator.[1] Vanlegvis deler ein perioden inn i to istider. Den sturtiske istida som varte frå om lag 750 millionar år sidan til 700 millionar år sidan, og Marino/Varanger-istida som enda for om lag 635 millionar år sidan. Avleiringar av glasial tillitt er funne på stader som låg ved låge breiddegrader under kryogenium, og dette har ført til hypotesen om djupfryste hav og «snøballjorda».[2]

Under kryogenium braut superkontinentet Rodinia opp og eit anna superkontinent, Pannotia, byrja å ta form.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Dave Lawrence, "Microfossil lineages support sloshy snowball Earth" i Geotimes, april 2003. http://www.agiweb.org/geotimes/apr03/WebExtra041803.html, vitja 19. august 2008.
  2. Hoffman, P.F. 2001. Snowball Earth theory, vitja 19. august 2008,
Proterozoikum
Paleoproterozoikum Mesoproterozoikum Neoproterozoikum
Siderium Rhyacium Orosirium Statherium Calymmium Ectasium Stenium Tonium Kryogenium Ediacara