Orosirium
Orosirium (gresk ὀροσειρά (oroseira), tyder «fjellkjede») er den tredje geologiske perioden i paleoproterozoikum. Han varte i perioden som byrja for 2050 millionar år sidan og enda for 1800 millionar år sidan. Perioden er ikkje basert på stratigrafi, men definert kronometrisk.
Siste halvdel av perioden var ein periode med omfattande orogense (fjelldanning) på nesten alle kontinent.
Jordatmosfæren utvikla seg truleg til ein oksygenrik atmosfære i denne perioden på grunn av fotosyntesen til cyanobakteriar.
To av dei største kjende nedslagshendingane på jorda skjedde under orosirium. Heilt i byrjinga av perioden, for 2023 millionar år sidan, kolliderte ein stor asteroide og danna Vredefortkrateret. Hendinga som danna Sudburybekkenet skjedde mot slutten av perioden, for 1850 år sidan.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Orosirian» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «Orosirian Period». GeoWhen Database. Henta 18. august 2008.
- James G. Ogg (2004). «Status on Divisions of the International Geologic Time Scale.» (PDF). Lethaia 37: 183–199. doi:10.1080/00241160410006492.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Proterozoikum | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Paleoproterozoikum | Mesoproterozoikum | Neoproterozoikum | |||||||
Siderium | Rhyacium | Orosirium | Statherium | Calymmium | Ectasium | Stenium | Tonium | Kryogenium | Ediacara |