Rodinia

Rodinia (frå russisk родина, eller «moderland») er eit tidlegare superkontinent som truleg vart danna for omkring ein milliard år sidan i neoproterozoikum. Kontinentet låg hovudsakleg sør for ekvator, og dekte Sørpolen. For rundt 600 millionar år sidan var store delar av kontinentet dekt av isbrear.

Ei mogeleg framstilling av korleis kontinenta låg for 550 millionar år sidan etter at Rodinia braut opp i mindre bitar

Kontinentet byrja å sprekke opp før kambrium i Gondwana, Nord-Amerika, Sibir, Avalonia (England og delar av Belgia) samt Baltica, der det som skulle verte Noreg låg. Desse kontinenta gjekk seinare saman til superkontinentet Pangea, som sprakk opp til Laurasia (seinare Nord-Amerika og Asia) og Gondwana (Afrika, Sør-Amerika, Australia, Antarktis, Madagaskar og India).

KjelderEndra