Adygisk

Adygisk, også kjent som adygé eller vesttsjerkessisk, er eit kaukasisk språk. Saman med det nærskylde språket kabardinsk utgjer det den tsjerkessiske greina av den nordvestkaukasiske språkgruppa. Språket er knytt til folkegruppa adygarar, og blir tales av kring 120 000 i Kaukasus – hovudsakleg i Republikken Adygia i Russland – og omtrent 100 000 i Tyrkia, i tillegg til i spreidde grupper på Balkan, i Irak, Jordan og Syria.[1]

Adygisk
Адыгэ
Klassifisering: Kaukasisk
 Nordkaukasisk
  Nordvestkaukasisk
   Tsjerkessisk
Bruk
Tala i: Flag of Adygea.svg Adygia
Adygisktalande i alt: 300 000
Skriftsystem: kyrillisk skrift, latinsk, arabiska
Språkkodar
ISO 639-2: ady
ISO 639-3: ady
Video av Yinal, som snakkar adygisk og kabardinsk.

Adygisk har ifølgje språkleksikonet Ethnologue 585 500 talarar totalt.[2]

Adygisk fekk eige skriftspråk i 1918, etter oktoberrevolusjonen.[1]

Adygisk i Russland og KaukasusEndra

Republikken Adygia, som har namn etter adygarane, huser den største delen av adygisktalande i Russland.[1] Ifølgje folketejlinga i 2010 var talet på talarar 117 500; ingen var einspråklege. Folketeljinga opplyser også at den etniske folkesetnaden var på 129 000.[2]

Adygisk utanfor Tsjerkessia og KaukasusEndra

Store norske leksikon anslår omtrent 100 000 adygisktalande i Tyrkia,[1] medan Ethnologue anslår 316 000 i 2014, med ingen einspråklege ifølgje ei folketeljing i 1965.[2] Adygisktalande folk er spreidde over Tyrkia, blant anna i Sentral- og Vest-Anatolia, Kayseri, Tokat, Kahramanmaraş og fleire andre provinsar.[2] Den adygiske busetnaden i Tyrkia er eit resultat av tsjerkessisk diaspora fordriven under den russisk-tsjerkessiske krigen (omtrent 1763–1864).

Adygisk blir lært bort i Jordan ved skolen for jordanske adygarar, Prins Hamza ibn al-Hussein vidaregåande skule, i Amman. Denne skulen, som blei skipa av adygiske jordanarar med støtte frå den avdøde kong Hussein av Jordan, er ein av dei første skulane for adygarsamfunna utanfor Tsjerkessia. Skulen har omtrent 750 jordanske adygiskstudentar, og har som eit av sitt fremste mål å verna adygisk språk og tradisjonar blant nyare generasjonar.[3] Talet på adygisktalande i Jordan var omtrent 78 000 i 2013.[2]

Adygisk blir tala av tsjerkessarar i Irak og av tsjerkessarar i Israel, der det blir brukt på landsbyskular. I Irak var talet på adygisktalande i 2014 omtrent 34 000, hovudsakleg busette i Bagdad, guvernementa Diyala, As Sulaymaniyah og Kirkuk, og i spreidde samfunn.[2] I Israel var talet på adygisktalande i 2005 omtrent 3000, fordelt på to landsbyar med ein liten dialektforskjell.[2]

Språket blir også tala av mange tsjerkessarar i Syria, sjølv om dei fleste syriske tsjerkessarar snakkar kabardinsk. Ethnologue rekna med rundt 35000 adygisktalande i Syria i 2014, hovudsakleg i distriktet Salkhad i As-Suwayda guvernement, og distriktet Daraa i Daraa guvernement.[2]

I tillegg finst det ei lita adygisktalande gruppe i Nord-MakedoniaBalkan.[2]

Truga statusEndra

Ifølgje UNESCO sitt kart frå 2009 med namnet UNESCO Map of the World's Languages in Danger («UNESCO-kart over verdas språk i fare»), var adygisk i 2009, med alle stammedialektane sine, klassifisert som «sårbart».[4]

SpråkdømeEndra

Menneskerettserklæringa på adygisk og kabardinsk, saman med den opphavlege erklæringa på engelsk.

Engelsk[5] Adygisk[6] Kabardinsk[7]
Universal Declaration of Human Rights Цlыф Фэшъуашэхэм Афэгъэхьыгъэ Дунэепстэу Джэпсалъ
C’ıf Feȿuaşexem Afeǵehıǵe Dúneyapstew Jepsał
Цlыху Хуэфащэхэм Теухуа Дунейпсо Джэпсалъэ
C’ıxu Xuefas̨exem Tyewxua Dúnyaýpsew Jepsałe
Article 1 1-нэрэ пычыгъу
1-nere pıçıǵu
1-нэ пычыгъуэ
1-ne pıçıǵue
All human beings are born free and equal in dignity and rights. They are endowed with reason and conscience and should act towards one another in a spirit of brotherhood. ЦIыф пстэури шъхьэфитэу, ялъытэныгъэрэ яфэшъуашэхэмрэкIэ зэфэдэу къалъфы. Акъылрэ зэхэшIыкI гъуазэрэ яIэшъы, зыр зым зэкъош зэхашӏэ азфагу дэлъэу зэфыщытынхэ фае.
C’ıf pstewri ȿhefitew, yałıtenıǵere yafeȿuaşexemreç’e zefedew qalfı. Aqılre zexeş’ıç’ ǵuazere yaꜧeȿı, zır zım zequeş zexaş’e azfagu dełew zefıs̨ıtınxe faye.
ЦIыху псори щхьэхуиту, я щIыхьымрэ я хуэфащэхэмрэкIэ зэхуэдэу къалъхур. Акъылрэ зэхэщIыкI гъуазэрэ яIэщи, зыр зым зэкъуэш зэхащӏэ яку дэлъу зэхущытын хуейхэщ.
C’ıxu psweri s̨hexuitu, ya s̨’ıhımre ya xuefas̨exemreç’e zexuedew qałxur. Aqılre zexes̨’ıç’ ǵuazere yaꜧes̨i, zır zım zequeş zexas̨’e yaqu dełu zexus̨ıtın xuyeýxes̨.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Adygeisk (14. august 2015). I Store norske leksikon. Henta 6. juni 2016.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 «Adyghe» (engelsk). Ethnologue. Henta 6. juni 2016. 
  3. (video) Circassians bid to save ancient language. Al Jazeera English sin YouTube-kanal. 14. mai 2010. 
  4. «UNESCO Atlas of the World's Languages in Danger» (på engelsk). Henta 6. juni 2016. 
  5. [1]
  6. [2]
  7. [3]