Kugel (jiddisk קוגל kugl, uttalt [ˈkʊɡl̩]) er ein bakt matrett som vanlegvis blir laga av lokshen (nudlar) eller potet. Ein kan også nytta ris eller brød som base.[1] Det er ein tradisjonell askenasisk jødisk rett, som ofte blir servert på sabbatar og jødiske høgtider.[2] Amerikanske jødar serverer det òg til thanksgiving-måltidet.[3][4] Ein kan laga kugel med eller utan sukker. Den søte varianten kan etast som tilbehøyr til hovudretten eller som dessert.[5]

Kugel av nudlar

Retten har fått namn frå ordet kugel, som tyder «kule» eller «bolle» på tysk, ettersom retten opphavleg blei laga i runde former.[6]

Kjelder

endre
  1. «Is Kugel Kosher for Passover?». Henta 20. februar 2022. 
  2. Vered, Ronit (22. februar 2012). «In Search of the Holy Kugel». Haaretz. Henta 30. mars 2019. 
  3. Bronner, Simon J. (2021). Jewish Cultural Studies. Wayne State University Press. s. 310. 
  4. Desai, Jigna. Rooted Homelands, Routed Hostlands: (en)gendered Mobility in the South Asian Diaspora. University of Minnesota. s. 86. 
  5. «What is Kugel? | The Nosher». My Jewish Learning (på engelsk). Henta 20. februar 2022. 
  6. Nathan, Joan (28. september 2005). «Kugel Unraveled». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 20. februar 2022.