Kumanovo
Kumanovo (makedonsk Куманово, albansk Kumanovë) er ein by og ein kommune i regionen Aust i Nord-Makedonia. Byen er den tredje største byen i Nord-Makedonia etter Skopje og Bitola, medan kommunen Kumanovo er den nest største i landet etter Skopje. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei to tidlegare kommunane Kumanovo og Orasjats, samstundes med at sju landsbyar vart overførde frå den tidlegare kommunen Kletsjevtse.
Kumanovo Куманово Kumanovë | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Nordaust | ||
Først nemnd i | 1519 | ||
Borgarmeister | Zoran Damjanovski | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 509,48 km² | ||
Flatevidd - By |
509,48 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
98 104 192,6/km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | = +340 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 1300 | ||
Telefon-retningsnummer | 389 031 | ||
Heimeside: www.kumanovo.gov.mk | |||
Plassering | |||
![]() |
Kommunen har eit areal på 509,48 km2 og hadde 98 104 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1] I 2002 hadde kommunen 105 488 innbyggjarar,[2] den tidlegare kommunen Kumanovo hadde 103 205, medan sjølve byen hadde 70 842 innbyggjarar.[3]
Kumanovo ligg nordaust i landet, ikkje langt frå hovudstaden Skopje. Byen ligg i ei høgd på 340 meter over havet og er omgjeve av fjella Skopska Crna Gora i vest Gradisjtanska planina i sør og Mangovitsa i aust.
Historie endre
Området har vore busett sidan førhistorisk tid, men sjølve byen vart først nemnd i 1519 då byen var ein del av Det osmanske riket
Kumanovo vart ein urban busetnad og eit administrativt senter i regionen på slutten av 1500-talet eller byrjinga av 1600-talet. Etter fleire turbulente periodar stagnerte byen i ein periode.
Ein stor opprørsleiar kalla Karpoš vart fødd i landsbyen Vojnik nær Kumanovo. Han var opphavleg ein vasall under tyrkarane, men då Det osmanske riket byrja å verte svekt i 1689 og misnøya auka på grunn av dei harde skattane, vart Karpoš eit vendepunkt i slaget mot tyrkarane. I denne perioden gjekk Austerrike til åtak på Det osmanske riket og Karpoš utnytta situasjonen og opprøret spreidde seg og byane Kratovo, Kriva Palanka, Kumanovo, Kaçanik og andre vart sette fri. I lag med den austerrikske hæren, leia av keisar Leopold I, kjempa dei for å setje fri Skopje og Sjtip. Etter kvart endra den politiske og militære situasjonen seg på Balkan og austerrikarane måtte trekke seg tilbake. Osmanarane slo så ned opprøret, Karpoš vart fanga, flytta til Skopje og avretta ved steinbrua over Vardar.
Byen utvikla seg økonomisk seint på 1800-talet, men den industrielle utviklinga byrja først etter den andre verdskrigen.
Busetnader i kommunen endre
Dei største busetnadene i kommunen var:
Busetnad | Folketal 2002[3] |
---|---|
Kumanovo | 70 842 |
Karposj | 5 433 |
Tsjerkezi | 3 741 |
Romanovtse | 2 794 |
Lopate | 2 448 |
Bedinje | 2 327 |
Proevtse | 2 311 |
Dobrosjane | 1 655 |
Tromegja | 1 298 |
Dolno Konjare | 1 286 |
Biljanovtse | 1 231 |
Gorno Konjare | 1 136 |
Bakgrunnsstoff endre
- Kumanovo på faq.macedonia.org Arkivert 2004-12-09 ved Wayback Machine.
- Kumanovo jazzfestival Arkivert 2006-02-25 ved Wayback Machine.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Kumanovo» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2008.