Kumo elv

Kumo elv, (fi.: Kokemäenjoki) er ei 121 km lang elv i Birkaland og Satakunda i Finland. Ho har sitt utspring frå innsjøen Liekovesi i Vammala og munnar ut i Bottenhavet i Pihlavaviken i Björneborg.

Kumo elv
elv
Pori, the river Kokemäki and the central city..jpg
Kumo elv i sentrum av Björneborg
Land Flag of Finland.svg Finland
Nedslagsfelt 27 100 km²
Renn gjennom Björneborg
Lengd 121 km
Middelvassføring 231 /s
Kjelde Liekovesi i Vammala
Munning Bottenhavet ved Björneborg

Kumo elv
61°33′ N 21°42′ E
Wikimedia Commons: Kokemäenjoki

Kumo elv har eit nedslagsfelt på 27 100 km², og er dermed det fjerde største vassdraget i Finland. Elva har ei middelvassføring på 231 m³/s. Kumo elv er ei mellomstor elv og breidda på ho varierer mellom 20 og 60 meter. Kumo elv er rik på fisk, og dei vanlegaste fiskeartane er laks, regnbogeaure og sjøaure. I 1914 vart den største fisken som nokon gong er fiska i Finland teke i elva, ein stør på 149 kg.

Hamna ved munningen til Kumo elv har sidan 1200-talet vore viktig for sjøtrafikken.

Tre andre elvar munnar ut i Kumo elv: Loimijoki i Vittis, Kauvatsanjoki i Kumo og Harjunpäänjoki i Björneborg.

KjelderEndra