Kunnskapsdepartementet
Kunnskapsdepartementet (KD) er eit norsk departement som blei oppretta den 1. januar 2006 som ei vidareføring av Utdannings- og forskingsdepartementet.
Kunnskapsdepartementet | |||
| |||
Offisielt namn | Kunnskapsdepartementet | ||
---|---|---|---|
Type | Departement | ||
Virkefelt | Noreg | ||
Skipa | 1814[1] | ||
Org.nummer | 872417842 | ||
Statsrådar | Kari Nessa Nordtun (Ap) og Sandra Borch (Sp) | ||
Hovudkontor | Kirkegata 18, Oslo | ||
Undergrupper | Regjeringa i Noreg | ||
Fokus | Utdanning i Noreg | ||
Tilsette | 323 (2014)[2] | ||
Jurisdiksjon | Noreg | ||
Nettside | http://kunnskapsdepartementet.no |
Kari Nessa Nordtun frå Arbeidarpartiet er kunnskapsminister, og Sandra Borch frå Senterpartiet er forskings- og høgare utdanningsminister.[3]
Oppgåver
endreKunnskapsdepartementet har ansvarsområde for:
- Grunnskule og vidaregåande opplæring
- Forsking og høgare utdanning
- Barnehagar
Historie
endre- Noreg fekk eit eige departement for utdanningssaker allereie frå 17. november 1818 då Kyrkje- og undervisingsdepartementet blei etablert.
- Under Kåre Willoch si regjering blei dette departementet i 1982 delt og ansvaret for kultursaker, høgare utdanning og forsking blei overført til det nye Kultur- og vitskapsdepartementet.
- I 1990 blei dei to departementa reorganiserte. Dei to nye departementa var Kyrkje- og kulturdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet.
- I 1991 blei kyrkjesakene flytta, og departementa fekk namna Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.
- Frå 1. januar 2002 blei dette endra på nytt, og namna på departementa blei Utdannings- og forskingsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.
- Frå 1. januar 2006 blei Utdannings- og forskningsdepartementet endra til Kunnskapsdepartementet.
Den første leiaren i departementet var Øystein Djupedal frå Sosialistisk Venstreparti, han blei sidan avløyst 18. oktober 2007, då departementet blei delt mellom statsrådane Bård Vegar Solhjell og Tora Aasland, begge frå Sosialistisk Venstreparti. Frå 20. oktober 2009 var Kristin Halvorsen frå Sosialistisk Venstreparti kunnskapsminister. Tora Aasland heldt fram som statsråd i departementet med ansvar for forsking og høgare utdanning.
Kjelder
endre- ↑ Historikk. Det første norske departementet
- ↑ Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
- ↑ «Om Kunnskapsdepartementet», Regjeringen.no (Kunnskapsdepartementet), henta 19. oktober 2023
Bakgrunnsstoff
endre