Kurilsk
Kurilsk (russisk Курильск) er ein by i Sakhalin oblast i Russland med om lag 1800 innbyggjarar (2008). Han ligg på øya Iturup i Kurilane, rundt 450 km søraust for Juzjno-Sakhalinsk.
Kurilsk Курильск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Sakhalin oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1700-talet 1947 | ||||
Geografi | |||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
1 795 | ||||
Koordinatar | 45°15′N 147°53′E / 45.250°N 147.883°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MAGT (UTC+11) MAGST (UTC+11) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 694530 | ||||
Retningsnummer (tlf) | 424 54 |
Historie
endreStaden der dagens Kurilsk ligg var tidlegare ein busetnad av ainuar, som var dei opphavlege innbyggjarane på øyane. Det opphavlege namnet var Sjana, som tyder noko slikt som stor busetnad ved elva sitt nedre løp. Mot slutten av 1700-talet oppstod ein busetnad av russiske kolonistar. I 1800 oppretta Japan ein garnison. I Shimoda-avtalen vart dei sørlege Kurilane lagt under Japan, og landsbyen Shanamura (japansk 紗那村) høyrde fram til slutten av andre verdskrigen i 1945 under det japanske underprefekturet Shana (i dag: underprefekturet Nemuro). Etter krigen kom øyane og Kurilsk under Sovjetunionen, og i 1947 fekk staden bystatus med det noverande namnet.
Økonomi og næringsliv
endreKurilsk er sentrum for lakseoppdrett og fiskeindustri. Det finst òg verksemder innan bygningsindustri. I Kurilsk ligg ein seismologisk stasjon og ein tsunami-varslingsstasjon.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Kurilsk» frå Wikipedia på bokmål, den 24. januar 2009.