Kvanndal kraftverk
Kvanndal kraftverk er eit vasskraftverk ved Havrevassjuvet aust for Bleskestad i Suldal kommune i Rogaland. Kraftverket blei sett i drift i 1967, og nyttar eit fall på 328 meter frå reguleringsmagasin i Sandvatnet (950-925 moh). Holmavatnet (1 058-1 048 moh.), som delvis ligg i Vinje kommune, og Isvatnet (1 301-1 291 moh.) er òg magasin. Frå kraftverket blir vatnet sendt i tunnel via Kvanndalsfoss til Suldal II kraftverk. Det er installert éi francisturbin på 40 MW.
Kvanndal kraftverk | |||
| |||
Plassering | Aust av Suldalsvatnet | ||
---|---|---|---|
Aggregat | Francisturbin | ||
Installasjon | 40 MW | ||
Årsproduksjon | 181 GWh | ||
Drift | 1967 | ||
Kvanndal kraftverk 59°39′30″N 6°58′56″E / 59.65831°N 6.98233°E |
Det har blitt gjort utgreiingar på moglege løysningar for bygging av pumpekraftverk i Kvanndal. Grunnen er at det litle magasinet i Kvanndalsfoss ofte får overløp i vårflaumen, sjølv om Kvanndal kraftverk stenger produksjonen og Suldal II går for fullt. Ved å pumpa vatnet opp i Sandvatnet, for så å nytta det på nytt i begge kraftverka, vil ein kunna auka kraftproduksjonen med 30 GWh ved normalflaum.
Kjelder
endre- EnergiLink | Kvanndal kraftverk[daud lenkje]
- Hans Simen Fougner: Utrede etablering av et pumpekraftverk i et eksisterende vannkraftsystem[daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Kvanndal kraftverk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Dagbladet: Kraftens arkitektur
- Hydro: Vannkraftanleggene i Røldal og Suldal[daud lenkje]
- Statkraft
- NVE
- Miljøstatus Suldal Kommune