Kveld eller aftan er eit tidsrom på døgnet som ligg mellom dag og natt. Han kan seiast å ta til ved solnedgang eller skumring og vara til midnatt. Ei anna tidfesting kan vera at kvelden tek til klokka 18.00 og varar til 24.00 (midnatt).[1] Kveld avløyser ettermiddagen. Han går over til natt som igjen går over til morgon.

Kveld ved Great Barrier Reef.
'Angelus' (1859) av Jean-François Millet.

Kvelden er tradisjonelt den tida arbeidet for dagen stoppar. Ein kan gå heim, eta kveldsmåltid, driva med fritidssylar eller slappa av. Mange nyheitskjelder er knytt til denne tida gjennom at dei tradisjonelt kjem ut om kvelden, til dømes i form av aviser (som Aftenposten, Stavanger Aftenblad, London Evening Standard eller Corriere della Sera) eller nyheitsprogram (som Dagsrevyen, Kveldsnytt eller CBS Evening News).

Ofte er kvelden også ei tid der ein kan byrja festar og feiringar. Mange tradisjonelle norske høgtider finn stad kvelden før ein festdag, som julaftan og jonsokaftan. Jødisk sabbat og større høgtider tek til om kvelden, ved solnedgang. I muslimsk tradisjon er kvelden, som byrjar når ein ser månen, tida ein kan avslutta fasten på kvar dag under ramadan. Som i jødedommen byrjar også høgtider ved kveldsutbrotet. Visse bøner og ritual høyrer også til kvelden, som kristen aftansong eller angelus, jødisk maariv og muslimsk maghrib.

Fleire dyr og plantar er kveldsaktive. Kveldsaktive dyr kan koma ut og leita etter mat på denne tida, medan blomar frå kveldsaktive plantar kan opna seg om kvelden.

Kjelder endre