Kvenna
Kvenna, òg kalla Kvenno, er ei elv som renn frå Hardangervidda, i Kvennsjøen i Ullensvang herad i Vestland.
Kvenna | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark, Vestland | ||
Kommunar | Vinje, Ullensvang | ||
Kvenna 60°02′38″N 7°31′24″E / 60.043956°N 7.523264°E |
Ho renn gjennom Krokåvatni, før ho kryssar grensa til Vinje kommune i Telemark. Her held ho fram gjennom mellom anna Sandvatn, Gunleiksbuvatnet, Briskevatnet og Vollevatnet, før ho munnar ut i Vinjefjorden i Møsvatnet. Dalen som elva renn gjennom vert kalla Kvennedalen eller Kvenndalen. Systemet er ein del av Skiensvassdraget.
Kvenna er verna med Verneplan II for vassdrag. Namnet kjem av planten kvann.