Møsvatn

(Omdirigert frå Møsvatnet)

Møsvatn er ein innsjø som i hovudsak ligg i Vinje kommune i Vestfold og Telemark. Innsjøen er ein del av Skiensvassdraget. Langs breidda er det funne ei mengde spor frå steinalderen, og her finst òg nokre av dei høgastliggande fjellgardane i Noreg.

Møsvatn
innsjø
Storfjorden på Møsvatn i retning vest
Land  Noreg
Fylke Vestfold og Telemark
Kommunar Tinn, Vinje
Høgd over havet 900-918.5 moh.
Areal 78,44 km²
Middeldjupn 20 m
Største djupn 68,5 m
Volum 1,569 km³
Kystlengd1 179,28 km
Koordinatar 59°51′16″N 08°08′07″EKoordinatar: 59°51′16″N 08°08′07″E
Kart
Møsvatn
59°52′0″ N 8°4′0″ E
Wikimedia Commons: Møsvatn
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Møsvatnet vert drenert via elva Måna gjennom Vestfjorddalen og Rjukan ned til Tinnsjå

Innsjøen er ei viktig ferdselsåre for fastbuande og turistar. Han vert trafikkert av rutebåt om sommaren og snøscooter om vinteren. Møsvatn vart regulert i åra frå 1903. Olav Heggstad leia arbeidet med denne reguleringa.

Møsvatn er demd opp av Møsvassdammen og Torvehovdammen og er hovudmagasin for Frøystul kraftverk. Innsjøen er den tredje største i Noreg med ein kapasitet på 1066 millionar m³. Dette utgjer heile 68% av totalt vatnvolum.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Møsvatnet sett frå Holvik i Tinn kommune

Foto: Tommy Gildseth