Kvibrua

Koordinatar: 58°52′52″N 7°4′8″E Kvibrua, eller Kvinen bru, er ei bru over elva Kvina. Kvibrua ligg midt mellom Setesdalen og Sirdalen, ved turiststasjonen Kvinen. Brua vart bygd i åra 1923-1924, og var tenkt som ein del av ein veg mellom Langeid i Setesdal og Solheim i Sirdal. Vegarbeidet heldt fram til kring 1954. Vegprosjektet vart då lagt på is. Etter at Suleskardvegen vart bygd lengre nord, er truleg at Kvibrua vil verta verande veglaus. Brua ligg på grensa mellom Vest-Agder- og Aust-Agder fylke, men det er Statens vegvesen i Vest-Agder som eig ho.

BakgrunnsstoffEndra