Kvinnefossen er den 76. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. Han ligg i Eitorn i Sogndal kommune i Vestland. Fossen har ei høgd på om lag 200 meter, men enkelte kjelder omtalar fossen med ei høgd på 120 m.

Kvinnefossen
foss
Kvinnefossen
Foto: Per Olav Bøyum
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sogndal
Fossetype Hestehale
Elv Kvinna
Totalt fall 200 m
 - Lengste fall 200 m
Tal på fall 1
Kart
Kvinnefossen
61°12′30″N 6°39′39″E / 61.2082°N 6.6609°E / 61.2082; 6.6609

Namnet endre

Namnet Kvinnefossen eller Kvinnao som den vert kalla lokalt, skal stamme frå eit segn om ei kvinne som fall utfor fossen. På svaberget ned mot sjøen ved ein spesiell vasstand formar vatnet seg slik at det liknar på ein kvinnefigur. Då dei bygde vegen til Hella var det mykje skyting på staden, og dette kan ha ført til endring i elvelaupet slik at kvinneskapnaden ikkje lenger kjem til syne.

Det vert og sagt at ved visse værtilhøve høyrest det ei kvining av vatnet i fossen. Av dette Kvinefossen som seinare har vorte Kvinnefossen.

Andre hevdar at namnet stammar frå det gamalnorske ordet kvin, som tyder pipande lyd, og at fossen vart kalla Kvinefossen grunna lyden denne laga.

Segn endre

Det er ofte knytt segner til naturfenomen som fossar, og i dette tilfellet fortel segna at ei budeie ein gong fall i elva og vart ført utfor fossen medan ho bar ein holk på ryggen. Ho miste livet i fallet, og budeia som syner seg att i fossen.

Vern endre

Kvinnavassdraget og Kvinnefossen har vore verna mot kraftutbygging sidan 1973. Fossen er svært viktig i ein plan for eit landskapsvernområde som omfattar heile vassdraget og eit område austover til garden Suppam. Eit verneframlegg frå 2001 skildrar heile området som biologisk og naturhistorisk svært interessant med få inngrep av nyare dato. Kvinnefossen og det aller næraste området rundt er ført opp med status av nasjonal verdi.

Turistattraksjon endre

Kvinnefossen er ein spektakulær foss når det er høg vasstand. Vatnet slår voldsomt på nedslaget, som har namnet Kvinnegryta, og står langt over brua og ut på sjøen. Den er tydeleg frå Vangsnes på andre sida av fjorden, og frå båtar på fjorden.

Statens vegvesen har laga parkeringsplass rett utom brua og ei inngjerding like ved slik at folk kan stoppe for å sjå på og ta bilete av fossen.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre