Kvitkrull
Kvitkrull
Kvitkrull
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrekkje: Ekte sekksporesoppar Pezizomycotina
Klasse: Lecanoromycetes
Underklasse: Lecanoromycetidae
Orden: Kantlavordenen Lecanorales
Familie: Cladoniaceae
Slekt: Begerlav Cladonia
Art: Kvitkrull C. stellaris
Vitskapleg namn
Cladonia stellaris

Kvitkrull (Cladonia stellaris) er ein lavart i slekta begerlav (Cladonia) som blir rekna til gruppa reinlav. Kvitkrull veks på bakken med 5-15 cm høge podetier. Den manglar horisontal thallus. Fargen er gulkvit til lys gul og den er rikt greina. Greinspissane peikar i alle retningar og dannar tette og avrunda toppar. Kvitkrull er vanleg over heile landet med unnatak av dei ytste kyststroka. Arten er relativt meir vanleg enn lys reinlav og grå reinlav i Sør-Noreg. Han skil seg frå desse andre artane ved at han er forgreina til alle kantar, noko som gjev han ein puteaktig utsjånad.[1]

Skogbotn med kvitkrull

Tyding endre

Kvitkrull er viktig som næring for rein. Spesielt vinterstid i Sør-Noreg utgjer den ein vesentleg del av foret. Rein har ein særs tilpassa flora av mikroorganismar i fordøyinga som gjer at den kan fordøye opptil 80-90 % av karbohydratane i laven. Nemninga «kumose» om kvitkrull tyder på at han òg har vore nytta som tilleggsfor til storfe. Drøvtyggarar utanom rein kan utnytte opptil 40-50 % av karbohydratane.

Kvitkrull blir brukt å bruka kvitkrull til pynt, til dømes som del av juleoppsatsar eller i gravkransar. Laven blir sanka i store mengder til dekorasjonsformål, spesielt i indre delar av austlandet (Hedmark).

 
Kvitkrull i eit vindauge.

Eit svensk namn på kvitkrull er fönsterlav. Dette viser til at han historisk har vore brukt i rommet mellom inner- og ytterglaset i vindauge til å samla opp fukt.

Kjelder endre

  1. Moberg, Roland; Holmåsen Ingmar: Lavar: en fälthandbok, Interpublishing, Stockholm 1982 (swe). ISBN 91-970221-7-9. Libris 7790765. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.