Kvitlyng
Kvitlyng | ||
| ||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Plantae | |
Klasse: | Eudicotyledonae | |
Orden: | Ericales | |
Familie: | Ericaceae | |
Slekt: | Andromeda | |
Art: | A. polifolia | |
Vitskapleg namn | ||
Andromeda polifolia |
Kvitlyng (Andromeda polifolia) er ein art i lyngfamilien som har sirkumpolar utbreiing.
Kvitlyng er ein spinkel snau lyng, 2 dm høg. Han har smale tjukke blad som er grøne ovanpå og blåkvite under. Blomstrane har lysraude blomsterskaft og begerflikar. Blomsterknoppen er raud, krona først lysraud og til slutt kvit. Kvitlyng blømer kring juni på myr. Frukta er ein kapsel. Planten er vanleg over heile Noreg, og er blitt funnen opp til 1250 moh. på Hardangervidda.
Kvitlyng er svakt giftig.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kvitlyng
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rosling» frå Wikipedia på svensk, den 25. juni 2010.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Örjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995