Torvmosar

planteslekt
(Omdirigert frå Kvitmose)
Torvmosar
Vasstorvmose (Sphagnum cuspidatum)
Vasstorvmose (Sphagnum cuspidatum)
Systematikk
Rike: Plantar Plantae
Rekkje: Bladmosar Bryophyta
Klasse: Sphagnopsida
Underklasse: Sphagnidae
Orden: Sphagnales
Familie: Sphagnaceae
Slekt: Torvmosar Sphagnum
L.

Torvmosar (Sphagnum) eller kvitmosar er ei planteslekt sett saman av kring 200 artar. Talet varierer frå kjelde til kjelde. Nokre hevder at det finst kring 150 artar, medan andre hevder at det finst opp mot 350 artar. I Noreg finst det ca. 40-50 artar. Unnateke fire artar finst alle kjende europeiske torvmoseartar i Noreg, og Trøndelag er kjent for å ha den største artsrikdomen av torvmosar i heile verda. Det veks også sjeldne artar i Reindalen på Svalbard.

Torvmosar (Sphagnales) er ein orden i klassa bladmosar. I torvmosefamilien (Sphagnaceae) finst det berre ei slekt (Sphagnum).

Torvmosar har ikkje røter slik som karplantane. Dei tek opp alt dei treng av vatn og næringsstoff gjennom overflata. Plantane sitt svampliknande vev har evna til å absorbere store mengder vatn (opptil 20 gongar vekta av den turre mosen), og om lag 90 % av torvmosen si vekt er derfor gjerne vatn. Torvmosane er raude, brune, grøne eller gulaktige i fargen og veks i tette tuer eller tepper med 5-30 cm høge skot. Kvar plante er sett saman av ein stilk med korte sideskot i fem rekker. Dei dannar stendig nye celler i toppen og døyr nedantil, og av dette vert det danna torv.

Torvmosar finst over store delar av verda, men spesielt rikeleg i den tempererte boreale sona. Dei høyrer til dei vanlegaste moseartane på myrar og er også vanlege som botnvegetasjon i fuktige skogstrok. Dei veks helst i område med lite næring, der dei kan konkurrere ut andre plantar.

Torv er også kjend for sine konserverande eigenskapar. Frå gamalt av har torvmosar vore nytta mot hevingar, gikt og hudsjukdommar med meir. Dei er også kjende for å ha lindrande effekt på kløe etter insektstikk. Ulike typar torvmose brukast i tradisjonelt lafteverk til å tette mellom stokkane og i sjølve laftehogget. Som den beste mosen til føremålet reknast likevel ein heilt annan art, husmose eller etasjemose (Hylocomium splendens), ein vanleg moseart over heile landet. I våre dagar vert det forska på bruk av torvmosar som naturlege konserveringsmiddel for matvarer, til dømes til å ta vare på fisk.

Artar (utval) endre

Kjelder endre