Kvitsjø-Austersjøkanalen, Kvitsjøkanalen eller Kvitehavskanalen (russisk Belomorsko-Baltijskij kanal (BBK), mest kjend under kortforma Belomorkanal), er ein skipskanal som bind saman Kvitsjøen med Austersjøen nær St. Petersburg. Det opphavlege namnet var (fram til 1961) Belomorsko-Baltijskij kanal imeni Stalina ('Stalin Kvitsjø-Austersjø-kanalen'). Kanalen vart bygd ved hjelp av tvangsarbeid frå gulagfangar. Frå ein opphavleg arbeidsstyrke på 126 000 døydde mellom 12 000 og 25 000, men andre estimat har kome fram til dødstal som er langt høgare.

Kvitsjøkanalen
kanal
Land  Russland
Del av Unified Deep Water System of European Russia
Kart
Kvitsjøkanalen
62°48′N 34°48′E / 62.8°N 34.8°E / 62.8; 34.8
Wikimedia Commons: White Sea-Baltic Canal

Denne kanalen vart eigentleg påbyrja allereie på 1800-talet. Russarane ville bruka han mellom anna når dei skulle frakta tømmer og malm til hamnene i Austersjøen. Med kanalen ville dei sleppa den lange sjøreisa rundt Noreg. Men den gongen vart det ikkje noko av prosjektet fordi kanalen måtte gravast gjennom den harde steinsorten granitt.

Kanalen følgjer delvis ei rekke elvar og to større innsjøar, Onega og Vygozero. Den totale lengda er 227 km. Dei økonomiske fordelane til kanalen er for tida avgrensa av at han er ganske grunn, mellom 3,3 og 4 meter, noko som gjer han ubrukeleg for dei fleste skip. Kanalen har i dag berre lett trafikk, mellom 10 og 40 båtar per dag.

Vassvegen endre

 
Eit lasteskip går inn i sluse nr. 1

Total lengde på vassvegen er 227 km, der 48 km er kunstige kanalar. Staumretninga i kanalen går frå Onega til Kvitsjøen, og alle navigasjonsskilt er sette i samsvar med dette.

Kanaltraséen endre

Kanalen byrjar ved busetjinga Povenets i Povenetsbukta i Onega-sjøen. Like etter Povenets er det sju sluser etter kvarandre, som utgjer «Povenets-trappa». Desse slusene er den sørlege skråninga av kanalen. Toppnivået til kanalen ligg 102 moh. og er 22 km langt. Denne strekninga ligg mellom 7. og 8. slusa og omfattar innsjøane Volo og Vadlo, og dessutan ein kanal mot den lågareliggande innsjøen Matkoozero. Den nordlege skråninga har 12 sluser, 8.–19. slusa. Ruta til den nordlege skråninga går langs fem innsjøar: Matkoozero (mellom 8. og 9. slusa), Vygozero (mellom 9. og 10. slusa), Palagorka (mellom 10. og 11. slusa), Voitskoje (mellom 11. og 12. slusa) og Matkozjnja (mellom 13. og 14. slusa). Kanalen endar i Sorokabukta i Kvitsjøen i Belomorsk. Langs kanalen ligg desse busetjingane: Povenets, Segezja, Nadvoitsy, Sosnovets, Belomorsk.

Skipsfart endre

Godsmengda nådde toppen i 1985 med 7,3 millionar tonn frakta gjennom kanalen. Volumet låg høgt gjennom dei neste fem åra, og gjekk deretter ned. Tidleg på 2000-talet byrja mengdene gradvis å stiga att, men dei er framleis låge samanlikna med toppnivåa. Kanalen er ei lovande rute for elvecruise. Vanleg lengde på sesongen er 165 dagar.

Avgrensingar endre

Den farbare leia er 4 meter djup og 36 meter brei, kurveradiusen er 500 m. Slusedimensjonar: 135 meter lang og 14,3 meter brei. Fartsgrensa i alle kunstige delar av kanalen er 8 km/t. I tilfelle dårleg sikt (mindre enn 1 km) blir all trafikk på kanalen stansa.

Bygging endre

 
Fangar i arbeid på kanalen, 1932

Sovjetunionen presenterte kanalen som eit døme på suksessen til den første femårsplanen. Bygginga vart fullført fire månader før planen. Heile kanalen vart bygd på tjue månader, mellom 1931 og 1933, nesten utelukkande ved manuelt arbeid.

Kanalen var det første større prosjektet i Sovjetunionen som vart bygd ved bruk av tvangsarbeid. BBLAG, direktoratet for BBK-leirane, stod for byggeprosjektet, og leverte ein arbeidsstyrke på rundt 100 000 fangar.[1]

Arbeidstilhøve endre

Sovjetleiarane framheldt prosjektet som bevis på effektiviteten til gulagordninga. Med det for auge å «omstøypa» forbrytarar gjennom «forbetrande arbeid» var arbeidsforholda i BBK-leiren brutale. Fangane fekk berre primitive handreiskapar til å utføra det massive byggeprosjektet.[2] Dødsraten var rundt 8,7 %.[3] Mange fleire vart sjuke eller invalide.

Arbeidsstyrken var delt inn i brigadar på 25–30 kvar, som så danna falangar på 250–300.[4] Det fanst normer for arbeidet, til dømes 2,5 m³ stein graven ut for hand per dag per brigade. Andre gogner blei ulike lag sett opp mot kvarandre i tevlingar om å overgå normene, og vinnarane vart gjevne lovnadar om kortare straff, meir mat eller pengebonusar for vinnarane. Etter at konstruksjonen var ferdig vart 12 484 fangar frigjevne som løn, og 59 516 fengselsstraffer vart korta ned. Minst 12 000 arbeidarar døydde under byggearbeidet, ifølgje offisielle tal.[5] Kanalen vart opna 2. august 1933. Anne Applebaum har estimert dødstala til å vera 25 000,[6] medan Aleksandr Solzjenitsyn estimerte at opptil 250 000 hadde døydd.[4]

Minnesmerke endre

Det er eit monument for fangane som vart drepne under bygginga ved Povenets, og ei lita minnestøtte ved Belomorsk, nær utløpet av kanalen inn i Kvitsjøen.

Kjelder endre

  1. «The Economics of Forced Labour: The Soviet Gulag, Chapter 8: "The White Sea–Baltic Canal" by Paul R. Gregory, page 158». Henta 13. august 2017. 
  2. O. Figes, The Whisperers 114 (2007).
  3. V.N. Zemskov, "Zaklyuchyonnye v 1930-e gody: socialno-demograficheskiye problemy", p. 62 / В. Н. 3емсков «Заключенные в 1930-е годы: социально — демографические проблемы», стр. 62
  4. 4,0 4,1 Solzhenitsyn, Alexandr (2018). The Gulag Archipelago. Sett om av Whitney, Thomas; Willetts, Harry. New York: Vintage Publishing. s. 198–208. ISBN 978-1784871512. 
  5. Сталинские стройки ГУЛАГа.1930–53», Москва, 2005,
  6. Anne Applebaum Gulag: A History (London: Penguin, 2003), p79

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kvitsjøkanalen
Litteratur
  • Gorkij, Maksim; Auerbach, L.; Firin, S. G. red. (1935): The White Sea canal; being an account of the construction of the new canal between the White Sea and the Baltic Sea, London: John Lane.
  • Gregory, Paul R.; Lazarev, Valery; Lazarev, V.V. (2003): Economics of Forced Labor: The Soviet Gulag, Hoover Institute Press, ISBN 0-8179-3942-3
  • Ruder, Cynthia A. (1998): Making History for Stalin: The Story of the Belomor Canal, University Press of Florida, ISBN 0-8130-1567-7