Kvitsoleie
Kvitsoleie er ei 40-120 cm høg plante som veks i frodige og fuktige lier, spesielt i bjørkebeltet, men også over tregrensa og i låglandet. I Noreg er arten først og fremst utbreidd i Sør-Noreg, frå Vest-Agder i sør og nordover til sør i Nordland. På Sørøya i Finnmark finst ein isolert førekomst. I Jotunheimen er planta funnen opp til 1400 moh. Elles finst kvitsoleia over store delar av Europa.
Kvitsoleie | |
Kvitsoleie | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Soleiefamilien Ranunculaceae |
Underfamilie: | Ranunculoideae |
Stamme: | Ranunculeae |
Slekt: | Soleieslekta Ranunculus |
Art: | Kvitsoleie R. platanifolius |
Vitskapleg namn | |
Ranunculus platanifolius |
Planta har ein høg, snau stengel, store, handdelte blad og langskafta, kvite blomar. Begerblad og kronblad fell tidleg av. Blomstrar omkring juni.
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Platanen-Hahnenfuß» frå Wikipedia på tysk, den 5. juni 2010ǔ.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Kvitsoleie hos Artsdatabanken
- (en) Kvitsoleie i Encyclopedia of Life
- (en) Kvitsoleie i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Kvitsoleie hos Dyntaxa
- (en) Kvitsoleie hos NCBI
- (en) Kvitsoleie hos The International Plant Names Index
- (en) Kvitsoleie hos Tropicos
- (en) Kategori:Ranunculus platanifolius – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Ranunculus platanifolius – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Ranunculus platanifolius – detaljert informasjon på Wikispecies