Kyle of Lochalsh
Kyle of Lochalsh (skotsk-gælisk Caol Loch Aillse) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 700 innbyggjarar.
Kyle of Lochalsh | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Caol Loch Aillse | |
Skye Bridge og Kyle of Lochalsh | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Highland | |
Tradisjonelt grevskap | Ross and Cromarty | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
739 | |
Koordinatar | 57°17′N 5°43′W / 57.283°N 5.717°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | IV40 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1599 | |
Han ligg på vestkysten, om lag 100 kilometer vest for Inverness. Han ligg på nordsida av Loch Alsh, sundet mellom øya Skye og fastlandet, rett ovanfor Kyleakin på Skye.
I 1995 fekk Skye fastlandssamband over Skye Bridge som vart bygd frå Kyleakin til Kyle of Lochalsh. Tidlegare hadde det vore ferjesamband på denne strekninga. Kyle of Lochalsh er endestasjon for jernbanelinja som går vestover frå Inverness.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kyle of Lochalsh» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.