Kyrsten Sinema

amerikansk politikar

Kyrsten Lea Sinema (fødd 12. juli 1976) er ein amerikansk politikar som har representert Arizona i det amerikanske senatet sidan 2019. Ho representerte Demokratane frå 2004, og har sidan desember 2022 vore uavhengig.[1][2]

Kyrsten Sinema

Fødd12. juli 1976 (47 år)
Tucson
Statsborgar avUSA
PartiDet demokratiske partiet i USA (2004; 9. desember 2022), partilaus (9. desember 2022)
Yrkepolitikar, sosialarbeidar, advokat, adjunkt
InstitusjonarArizona State University
Utdanna vedBrigham Young University
Arizona State University
Arizona State University
Arizona State University
Sandra Day O'Connor College of Law
Walton High School
Alle verv
  • medlem av USAs representanthus (2013–2019)
  • member of the Arizona House of Representatives (2005–2011)
  • member of the State Senate of Arizona (2011–2013)
  • medlem av USAs representanthus (2017–2019)
  • medlem av USAs representanthus (2015–2017)
  • medlem av USAs representanthus (2013–2015)
  • senator i USA (2019–2021)
  • senator i USA (2021–2023)
  • senator i USA (2023–) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Sinema vart fødd i Tucson i Arizona i 1976.[3] Foreldra hennar skilde seg då ho var barn. Då stefaren hennar mista jobben sin, budde familien i tre år i ein forlaten bensinstasjon i Florida utan innlagt vatn eller elektrisitet.[4][5] Sinema vart oppdregen som medlem av Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage.[6]

Utdanning

endre

Sinema vart uteksaminert som toppstudent da ho var 16 år og avla kandidateksamen frå Brigham Young University i 1995 då ho var 18 år. Ho forlet mormonkyrkja etter eksamen fra BYU. Sinema avla mastereksamen i sosialt arbeid ved Arizona State University i 1999. I 2004 vart ho Doctor juris og i 2012 tok ho filosofisk doktorgrad same staden.[7]

Karriere

endre

Sinema var sosialarbeidar frå 1995 til 2002. I 2000 jobba ho med presidentkampanjen til Ralph Nader.[8] Ho var tilsett som assisterande professor ved Arizona Summit Law School. Sinema vart deretter forsvarsadvokat i 2005.

Toppolitikken

endre

Sinema var medlem av det amerikanske representanthuset frå 2013 til 2019. Ho vann senatsvalet i Arizona i 2018 for å erstatte Jeff Flake.[9] Ho er den fyrste kvinnelege senatoren frå Arizona, den fyrste opne biseksuelle personen vald til det amerikanske senatet og den andre opne LHBTQ-personen nokonsinne i senatet, etter Tammy Baldwin.[10] Sinema er den fyrste demokraten som er vald til det amerikanske senatet frå Arizona sidan Dennis DeConcini i 1988.

Kjelder

endre
  1. Everett, Burgess. «Sinema switches to independent, shaking up the Senate». POLITICO (på engelsk). Henta 9. desember 2022. 
  2. Cowan, Richard; Chiacu, Doina (9. desember 2022). «Kyrsten Sinema leaves Democratic Party, adding drama to tight U.S. Senate margin». Reuters (på engelsk). Henta 9. desember 2022. 
  3. «Phoenix Arizona Election Questionnaire for Congress, Kyrsten Sinema». The Arizona Republic (på engelsk). Henta 29. april 2015. 
  4. «Arizona, 9th House District - NationalJournal.com». Arkivert frå originalen 22. november 2012. Henta 22. april 2018.  Arkivert 2012-11-22 ved Wayback Machine.
  5. Sanders, Rebekah L. (30. januar 2016). «The congresswoman who grew up in a gas station». The Arizona Republic. Henta 5. september 2020. 
  6. «Congress' first openly bisexual member grew up Mormon, graduated from BYU». Standard-Examiner. Arkivert frå originalen 22. november 2015. Henta 22. april 2018. 
  7. «The Voter's Self Defense System». Vote Smart (på engelsk). Henta 22. april 2018. 
  8. «Freshman Congresswoman Moves to the Middle». Roll Call (på engelsk). Henta 22. april 2018. 
  9. «Kyrsten Sinema vann i Arizona» (på svensk). Aftonbladet. Henta 13. november 2018. 
  10. «Kyrsten Sinema: A success story like nobody else’s». Washington Post (på engelsk). Henta 19. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kyrsten Sinema