Lærdal-Kaupanger
ferjesamband
Lærdal-Kaupanger var eit ferjesamband i Indre Sogn mellom Kaupanger i Sogndal kommune og Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Sambandet vart til i 1938 då det gamle sambandet Lærdal-Vadheim vart delt opp, og den innleigde kutteren «Vesle Øyvind» trafikkerte sambandet det fyrste året.
Lærdal-Kaupanger | |||
Trasé | Lærdal-Kaupanger | ||
---|---|---|---|
Rutenett | Tidlegare ferjesamband i Indre Sogn | ||
Driftselskap | Fylkesbaatane | ||
Oppretta | 1938 | ||
Nedlagd | 1966 | ||
Overtok for | Lærdal-Vadheim | ||
Erstatta av | Revsnes-Kaupanger |
I 1966 vart dåverande E68 forlenga frå Lærdalsøyri til ny Revsnes ferjekai 14 kilometer nordvestover langs Sognefjorden for å korte ned overfartstida til Kaupanger og dåverande E68 Gudvangen, og med dette vart sambandet erstatta av Revsnes-Kaupanger.
Kjelder
endre- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 74, 75. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.