Kaupanger ferjekai
Kaupanger ferjekai er eit ferjeanlegg i Kaupanger i Sogndal kommune i Vestland, og inngår i Riksveg 5. Frå Kaupanger går ferjesambandet Kaupanger-Frønningen(-Gudvangen).
Kaupanger ferjekai | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Dobbel kai, forskyvd parallell | ||
Opna | 1938 | ||
Som del av | Lærdal-Kaupanger | ||
Tilknytt | Arm av Riksveg 5 | ||
Stad | Kaupanger | ||
Kommune | Sogndal kommune | ||
Fylke | Vestland | ||
Erstatta av | Mannheller ferjekai | ||
Kaupanger ferjekai 61°10′59″N 7°15′00″E / 61.183144811574°N 7.2499513037407°E |
Frå 1938 til 1995 var Kaupanger ein sentral ferjestad i Indre Sogn, og vart til etter oppdelinga av det tidlegare ferjesambandet Lærdal-Vadheim, og ein fekk dei nye sambanda Lærdal-Kaupanger og Grinde-Nordeide. Frå Kaupoanger kom det seinare samband til både Gudvangen, Årdalstangen og Aurland. Kaianlegget vart i fyrste omgang oppgradert midt på 1950-talet med to køyrelemmer. I samband med opninga av Revsnes ferjekai i 1966 vart anlegget oppgradert på ny med to nye moderne anløp rett austanfor dei gamle, og dei gamle måtte vike for utvida oppstillingsområde.
I 1995 opna ny Riksveg 5 mellom Kaupanger og Lærdal og det nye ferjesambandet Mannheller-Fodnes, og med dette vart ferjetrafikken til Årdal/Fodnes borte. Med opninga av Lærdalstunnelen i 2000 vart òg ferjene til Lærdal, Gudvangen og Aurland borte, og ein fekk det nye ferjesambandet Kaupanger-Frønningen for å ivareta eit offentleg ferjetilbod til den veglause bygda Frønningen, som fram til då hadde stopp på rutene til Aurland og Gudvangen. I tillegg går det sumarferje til Gudvangen i regi av turistnæringa.
I ettertid har det vestre kaia blitt oppgradert til standard 6 meter breidde på ferjelemmen for å fasilitere for dagens ferjer, medan den austre kaia har fått ferjelemmen fjerna og er brukt som fortøyingskai.
Liste over samband med stopp på Kaupanger ferjekai:
endre- 1938-1966: Lærdal-Kaupanger
- 1946-1966: Lærdal-Kaupanger-Gudvangen
- 1946-1966: Kaupanger/Lærdal-Årdalstangen
- 1966-1995: Revsnes-Kaupanger
- 1966-1993: Årdalstangen-Kaupanger
- 1966-1993: Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen
- 1966-1995: Kaupanger-Revsnes-Gudvangen
- 1967-1993: Flåm-Aurland-Kaupanger-Årdalstangen
- 1993-1995: Kaupanger-Fodnes
- 1993-2000: Kaupanger-Aurland-Flåm
- 1995-2000: Lærdal-Kaupanger-Gudvangen
- 2000-: Kaupanger-Frønningen
Kjelder
endre- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 133-134. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 74-78, 80. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i VestlandDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.