Det franske sosialistpartiet (PS; Parti Socialiste) er eit sosialdemokratisk politisk parti i Frankrike. Det blei danna i 1969, og er medlem i den Sosialistiske Internasjonalen.

Parti socialiste

LandFrankrike
Partileiar(ar)Olivier Faure
GrunnleggjararFrançois Mitterrand
Grunnlagt4. mai 1969
Medlemstal60 000 (2014)
IdeologiSosialdemokrati, sosialøkologisme, Sosialliberalisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-venstre, venstresida

Historie

endre

Sosialistparti har eksistert i Frankrike sidan 1880, under ulike namn. Det første sosialistpartiet i landet heitte Parti Ouvrier Francais, Det franske arbeidarpartiet. Det blei splitta alt to år seinare. I 1899 hadde franske sosialistar omgruppert seg i to parti, Parti Socialiste de France og Parti Socialiste Francais. Men i 1905 lykkast det Jean Jaures å sameine dei til Parti Socialiste Unifie - Section Francaise de l'Internationale Ouvrier, Det sameinte sosialistpartiet, fransk seksjon av arbeidarinternasjonalen.

Anti-militaristen Jaures blei myrda rett før første verdskrigen braut ut, og partiet slutta seg til krigsregjeringa. Mange var svært misnøgde med det, og somme av desse skipa Det franske kommunistpartiet PCF i 1920. Dei andre, leidd av Leon Blum, heldt fram som Section Francaise de l'International Ouvriere, SFIO. I 1924 og 1932 samarbeidde sosialistane med dei borgarlege Radikale (Parti Radical), men gjekk ikkje med i regjeringane deira. Kommunistane nekta til 1934 å samarbeide med andre, men endra linje dette året for å demme opp for den veksande fascistiske trusselen også innetter i Frankrike. Dette var faktisk året før «folkefrontlinja» blei offisiell politikk for kommunistpartia i den Tredje Internasjonalen. Folkefronten vann valet i 1936 og Leon Blum blei den første sosialistiske statsministeren i landet. Men trass i populære sosiale reformer braut regjeringa hans saman etter eitt år, på grunn av usemje med dei Radikale om økonomisk politikk og den spanske borgarkrigen.

Etter andre verdskrigen

endre

Etter frigjeringa i 1944 gjenoppstod sosialistpartiet under leiing av Guy Mollet, som var statsminister ei kort stund i 1957. Men partiet var svakt og blei stadig svakare. I 1969 blei det lagt ned. Den uavhengige Francois Mitterrand tok initiativet til danninga av eit nytt Parti Socialiste same året, noko som blei lettare ved det at det Radikale partiet nesten var blitt borte frå fransk politikk, og såleis ingen konkurrent. Kommunistpartiet var framleis relativt sterkt, men i 1974 vann Mitterrand nesten presidentvalet, og PS blei det dominerande partiet på venstresida.

I 1981 gjekk Mitterrand i allianse med kommunistpartiet og venstrefløya av dei gjenverande Radikale, og vann presidentvalet. Slik blei han den første sosialistiske presidenten i Frankrike, og han blei attvald i 1988. I denne perioden hadde PS vanlegvis fleirtal i parlamentet og. Mitterrands første regjering nasjonaliserte bankar, forsikringsselskap og forsvarsindustri. Borgarskapet svarte med kapitalflukt og skapte økonomiske problem for landet. I 1984 dreia Mitterrand og statsminister Laurent Fabius politikken bort frå ei tradisjonell sosialistisk linje, og over i marknadsøkonomisk retning, noko som har vore linja til partiet sidan.

I 1995 trekte Mitterrand seg tilbake og Lionel Jospin blei slått av Jacques Chirac i presidentvalet. Men i 1997, etter valsiger ved parlamentsvalet, blei Jospin statsminister. Politikken var lite sosialistisk, noko som særleg skapte reaksjonar hos medlemmene til regjeringspartneren PCF. I 2002 tapte sosialistane både president- og parlamentsvalet. Men i regionvala i 2004, gjekk både sosialistane og deira allierte PCF og dei Grøne fram, og venstresida vann fleirtal i 21 av 22 regionar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Parti socialiste