Elva Lao

(Omdirigert frå Laüs)

Lao (latin Laus, Laos eller Laüs; tidlegare òg Laino) er ei elv sør i Italia. Elva har utspring i Appenninane i provinsen Potenza i Basilicata og munnar ut i Policastrobukta (italiensk Golfo di Policastro) nær Santa Maria del Cedro i provinsen Cosenza i Calabria. Nær munningen ligg ruinane av den greske kolonien Laüs. Plinius den eldre og Klaudios Ptolemaios og Strabo nemner alle elva og skriv at ho var grensa mellom Lucania og Bruttium i antikken. (Strab. vi., p. 253; Plin. iii. 5. s. 10; Ptol. iii. 1. § 9)

Lao
elv
Land  Italia
Nedslagsfelt 601 km²
Lengd 51 km
Middelvassføring 10 /s
Kjelde Monte Serra del Prete
 •  høgd 2 181 moh.
Munning Policastrobukta
Kart
Elva Lao
39°46′36″N 15°47′39″E / 39.776667°N 15.794167°E / 39.776667; 15.794167
Wikimedia Commons: Lao River

Elvedalen er ein del av Pollino nasjonalpark.

Kjelder

endre