Provinsen Cosenza

Provinsen Cosenza
Nasjon Flag of Italy.svg Italia
Region Calabria
Hovudstad Cosenza
Areal 6 650 km²
Folketal (2013) 713 095
Folketettleik 107/km²
Kommunar 155
Bilnummer CS
Postnummer 87100
Retningsnummer (tlf) 0968, 0981-0985
President Franco Antonio Iacucci
Cosenza posizione.png
Plasseringa til Cosenza i Italia


Provinsen Cosenza (italiensk Provincia di Cosenza) er ein provins i regionen Calabria i Italia. Hovudstaden er byen Cosenza. Provinsen har eit areal på 6 650 km² og totalt 713 095 innbyggjarar (2013). Det er 155 kommunar i provinsen.

Provinsen Cosenza har samfunn der oksitansk språk vert nytta (òg kalla Langue d'oc) i Guardia Piemontese, og oppstod då valdensarar eller Vaudoisrørsla, flykta hit for å unngå religiøs forfølging på 1200- og 1300-talet. Det er òg eit stort samfunn av arbëreshë-albanarar, som slo seg ned i Italia på 1400- og 1500-talet.

Kart over Cosenza

Største kommunarEndra

Per 31. mai 2011

Kommune Folketal
Cosenza 69 926
Corigliano Calabro 40 612
Rossano 38 804
Rende 35 776
Castrovillari 22 514
Acri 21 129

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra