La meg være ung

song frå 1964 med Wenche Myhre
«La meg være ung»
Singel av Odd Børre & The Cannons og Wenche Myhre
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1964
Sjanger pop
Låtskrivar(ar) Arne Bendiksen

«La meg være ung» (bokmåk for La meg vere ung) er ein singel av Odd Børre & The Cannons og Wenche Myhre, gjeven ut i 1964. Songen er skriven av Arne Bendiksen.[1]

Myhre gav ut ein tysk versjon av songen kalla «Laß' mich, wie ich bin». Den tyske teksten er skriven av Kurt Hertha. Den norske versjonen lå 15 veker på VG-lista i 1964; fem av dei på fyrsteplass. Singelen vart tildelt Den Norske Sølvplate 1964.

Eurovision endre

Melodi Grand Prix 1964 endre

«La meg være ung» deltok i Melodi Grand Prix 1964, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1964 i København i Danmark. Songen vart framført på norsk av Odd Børre & The Cannons med eit lite orkester, og så på nytt av Wenche Myhre med eit stort orkester. Bidraget enda på tredjeplass med 57 poeng.[2][3]

Fotnotar endre

  1. «MGP 1964» (på norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014. 
  2. «Norway 1964» (på engelsk). esc-history.com. Henta 18. juni 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1964» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 18. juni 2014.