Eurovision Song Contest 1964

Eurovision Song Contest 1964 var den niande utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann for fyrste gong sted i Skandinavia og Danmark, som følgje av landets siger i 1963 med Grethe og Jørgen Ingmann[1] og songen «Dansevise». Sendinga blei arrangert og produsert av Danmarks Radio og blei halden laurdag 21. mars 1964 i Tivolis Koncertsal i København. Programleiar var Lotte Wæver.

Eurovision Song Contest 1964
Dato
Vertskap
Stad
Tivolis Koncertsal
København i Danmark
Programleiar(ar)
Lotte Wæver
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Portugal
Trekte seg
Sverige
Kart
Røysting
Vinnar
Italia med «Non ho l'età» av Gigliola Cinquetti
Eurovision Song Contest
1963 1965

Sverige trekte seg frå tevlinga på grunn av ein nasjonal artiststreik, mens Portugal debuterte. Dimed heldt talet på deltakarar seg på 16 land, som i dei tre føregåande åra.

Italia vann sin fyrste siger med «Non ho l'età», framført av 16 år gamle Gigliola Cinquetti. Italia vann med den største sigersmarginen i historia til Eurovision Song Contest til då: 49 poeng mot 17 poeng til andreplassen Storbritannia. Vinnarsongen blei også populær i Europa etter sigeren, og i Noreg låg han 16 veker på VG-lista. Monaco blei nummer tre, mens Frankrike og Luxembourg delte fjerdeplassen. Noreg deltok for femte gong, og for fyrste gong med ein mannleg artist. Arne Bendiksen framførte «Spiral», skriven av Sigurd Jansen og Egil Hagen. Det norske bidraget enda på åttandeplass med 6 poeng – alle frå Norden.

Bakgrunn endre

 
Tivolis Koncertsal, arena for Eurovision Song Contest 1964.

Etter å ha vunne med «Dansevise» året før, stod Danmark vertskap for Eurovision Song Contest dette året. For ein liten kringkastar som Danmarks Radio var Eurovision Song Contest ei stor økonomisk utfordring. DR vedtok likevel i juni 1963 å ta på seg arrangørjobben.[2] Kringkastaren la finalen til Tivolis Koncertsal i hjartet av Tivoli i København. Dette var fyrste gongen tevlinga fann stad i Skandinavia, og det skulle gå elleve år før Eurovision Song Contest igjen blei arrangert i Skandinavia.

Finalen blei lagt til laurdag 21. mars 1964, og sendinga varte i rundt 1 time og 35 minuttar.[3] Programleiar var den då 22 år gamle danske kanalverten Lotte Wæver. I ettertid fortalde Wæver at Sejr Volmer-Sørensen, mannen bak vinnerbidraget «Dansevise», ønskte å leie sendinga.[4] Volmer-Sørensen var ein stor skikkelse i den danske underhaldingsbransjen på den tida, og han hadde vore programleiar for dei danske Melodi Grand Prix-finalane frå 1957 til 1961.[5] Men Wæver blei vald fordi ho «såg godt ut» og «klarte seg heiderleg på engelsk og fransk».[4]

Format endre

Kvart deltakerland deltok via ein kringkastar som var medlem av EBU. Landa stilte med eit bidrag kvar, og dette skulle bli framført av ein solist eller ein duo. Spania omgjekk denne regelen då dei deltok med tremannsgruppa Los TNT.[3][6] Gruppa bestod av brørne Edelweiss «Tim» Croatto og Hermes «Tony» Croatto i tillegg til systera Argentina «Nelly» Croatto. I tevlinga stilte bandet under namnet «Nelly med Tim og Tony». Reglane tillot nemleg koristar i tillegg til solisten eller duoen. Dei to brørne kora, mens systera stilte som solist.[3][7]

Sverige var råka av ein langvarig artiststreik, og SVT måtte difor avlyse den svenske Melodifestivalen og trekkje seg frå Eurovision Song Contest. Portugal gjorde sin debut i tevlinga, og dimed heldt talet på deltakarar seg på 16 land – det same talet som åra før. Startrekkefølgja blei avgjort ved loddtrekking, og Luxembourg blei trekt til å starte, mens Spania avslutta. Noreg blei trekt til å opptre som nummer tre.

Sendinga endre

Finalen blei halden laurdag 21. mars 1964 frå klokka 22.00–23.35 sentraleuropeisk tid,[8] men i Noreg gjekk sendinga frå 23.00–00.35 på grunn av norsk sommartid.[9] Sendinga blei produsert i svart-kvitt.

Showet starta med eit musikkstykke framført av musikkorpset til Tivoligarden.[3] Deretter kom programleiar Lotte Wæver ut på scena anført av ein fanfare. Etter ein kort introduksjon på dansk, engelsk og fransk startet gjennomgangen av dei 16 deltakarmelodiane.[3] Melodiane blei akkompagnert av eit orkester på 42 musikarar, delvis sett saman for anledninga. Orkesterleiar var Kai Mortensen, men dei fleste landa hadde med eigne dirigentar.

Luxembourg opna tevlinga, mens Spania avslutta. Nederland blei det fyrste landet til å sende ein artist utan europeisk opphav, for Anneke Grönloh hadde indonesisk mor.[10] 

Etter at alle land hadde framført melodiane sine, følgde eit fem minutter langt ballettstykke kalla Harlequinade. På scena opptredde ballettdansarar frå Det Kongelige Teater. Hovuddansarar var Solveig Østergaard og Niels Kehlet, som skulle førestille skikkelsene Harlekin og Columbine.[3] Orkesteret akkompagnerte dansarane med musikkstykket Columbine Polka Mazurka.[3]

Avrøystinga endre

 
Gigliola Cinquetti skaffa Italia sin fyrste siger i Eurovision Song Contest. Her frå Sanremo-festivalen same år.

Før avrøystinga blei tevlingssjefen til EBU introdusert for fyrste gong. Dette året var Miroslav Vilček sjef og oppsynsmann for avrøystinga.[3]

For tredje året på rad innførte EBU eit nytt poengsystem. Kvart land hadde no ei jurygruppa på ti medlemmar der ingen skulle vere del av platebransjen.[9] Kvart medlem hadde tre røyster som kunne bli fordelte etter eige ønske – men ikkje til songen frp sitt eget land. Landet som fekk flest røyster frå dei ti jurymedlemmane, blei tildelt 5 poeng. Andreplassen fekk 3 poeng, mens tredjeplassen fekk 1 poeng frå jurygruppa. Dersom kun to land fekk røyster frå jurymedlemmane, fekk favoritten 6 poeng og andreplassen 3 poeng. Dersom alle jurymedlemmane gav alle sine røyster til eit og same land, fkk dette landet samtlege 9 poeng frå jurygruppa.[3] Dette poengsystemet blei også brukt i 1965 og 1966.

 
Gigliola Cinquetti (venstre) etter å ha vunne Sanremo-festivalen med «Non ho l'età». Songen fekk stor kommersiell suksess etter sigeren.

Avrøystinga blei raskt ein sigersparade for Italia, som fekk toppoeng fra heile åtte jurygrupper. Med 49 poeng vann 16 år gamle Gigliola Cinquetti og «Non ho l'età» den klåreste sigeren i historia til Eurovision Song Contest. Italia fekk nesten tre gongar så mange poeng som andreplassen Storbritannia, som fekk 17 poeng. Dette var den fjerde andreplassen til Storbritannia i tevlinga. Den norske jurygruppa gav ingen poeng til vinnaren, men fem poeng til Storbritannia, tre til Finland og eit til Danmark. Fire land delte sisteplassen utan poeng: Tyskland, Sveits, Jugoslavia og debutanten Portugal. Dette var fyrste gongen at eit debutantland enda sist utan poeng.

Fenomenet med naborøysting blei synleg dette året. Blant anna utveksla Monaco og Frankrike toppoeng, og dei nordiske landa gav poeng seg imellom, noko som blei møtt med latter og humring i salen.[3]

Det norske bidraget endre

Noreg deltok i Eurovision Song Contest for femte gang og blei for første gang representert av ein mann: Arne Bendiksen. Han song «Spiral», skriven av Sigurd Jansen[11] og Egil Hagen. Bendiksen hadde framført songen med Kringkastingsorkestret i Melodi Grand Prix 15. februar. Der hadde han blant anna sigra over sin eigen låt, «La meg være ung», framført av Wenche Myhre. Denne blei ein stor slager i Noreg dette året.

Noreg var det tredje ut bidraget på scena i København, og Karsten Andersen dirigerte det danske orkesteret under framføringa til Bendiksen. Odd Grythe[12] kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet og NRK Radio.[13]

«Spiral» fekk kun poeng frå to land – nabolanda Danmark og Finland. Danmark gav full pott, fem poeng, mens Finland gav eit poeng. Dette var likevel nok til å sikre Noreg ein åttandeplass, den beste plasseringa til Noreg på tre år.

For fyrste gong las Sverre Christophersen dei norske poenga frp NRK Marienlyst.[13] Christophersen skulle seinare lese dei norske røystene ei rekkje ganger fram til 1995. Den norske jurygruppa røysta slik:

Poeng Land
5   Storbritannia
3   Finland
1   Danmark

Deltakarar endre

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[14] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje; plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01   Luxembourg Hugues Aufray «Dès que le printemps revient» Fransk 4 14
02   Nederland Anneke Grönloh «Jij bent mijn leven» Nederlandsk 10 2
03   Noreg Arne Bendiksen «Spiral» Norsk 8 6
04   Danmark Bjørn Tidmand «Sangen om dig» Dansk 9 4
05   Finland Lasse Mårtenson «Laiskotellen» Finsk 7 9
06   Austerrike Udo Jürgens «Warum nur, warum?» Tysk 6 11
07   Frankrike Rachel «Le chant de Mallory» Fransk 4 14
08   Storbritannia Matt Monro «I Love the Little Things» Engelsk 2 17
09   Tyskland Nora Nova «Man gewöhnt sich so schnell an das Schöne» Tysk 13 0
10   Monaco Romuald «Où sont-elles passées» Fransk 3 15
11   Portugal António Calvário «Oração» Portugisisk 13 0
12   Italia Gigliola Cinquetti «Non ho l'età» Italiensk 1 49
13   Jugoslavia Sabahudin Kurt «Život je sklopio krug» Bosnisk 13 0
14   Sveits Anita Traversi «I miei pensieri» Italiensk 13 0
15   Belgia Robert Cogoi «Près de ma rivière» Fransk 10 2
16   Spania Nelly med Tim og Tony «Caracola» Spansk 12 1

Artistar som hadde delteke tidlegare endre

Artist Land Deltok i
Anita Traversi   Sveits 1960

Poengtavla endre

Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen.[15]

Deltakerland Poenggjevande land Sum Plass
                               
  Luxembourg 3 3 5 3 14 4
  Nederland 1 1 2 10
  Noreg 5 1 6 8
  Danmark 1 3 4 9
  Finland 3 3 3 9 7
  Austerrike 5 1 5 11 6
  Frankrike 1 3 5 3 1 1 14 4
  Storbritannia 1 5 3 1 1 1 5 17 2
  Tyskland 0 13
  Monaco 3 5 3 1 3 15 3
  Portugal 0 13
  Italia 5 5 5 5 5 3 3 5 5 3 5 49 1
  Jugoslavia 0 13
  Sveits 0 13
  Belgia 1 1 2 10
  Spania 1 1 12

Toppoeng endre

Kvar jury gav 1, 3 og 5 poeng til sine tre favorittsongar. Under er 5-poengarane frå kvart land:

Tal Deltakarnasjon Toppoeng frå:
8   Italia Austerrike, Belgia, Finland, Jugoslavia, Luxembourg, Nederland, Portugal, Storbritannia
2   Storbritannia Noreg, Sveits
  Austerrike Italia, Spania
1   Frankrike Monaco
  Luxembourg Tyskland
  Monaco Frankrike
  Noreg Danmark

Hendingar endre

Opptaket av sendinga manglar endre

I likskap med 1956-tevlinga fins det ingen tv-opptak av sendinga. Lenge gjekk det rykter om at opptaket til DR gjekk tapt i ein arkivbrann i 1970-åra, men det mest sannsynlege er at DR aldri sikra seg eit opptak av sendinga, kun nokre korte utdrag frå starten av sendinga.[16][17] Truleg har heller ingen andre kringkastare tatt vare på opptaket frå København.[7] Trass iherdige forsøk frå fans, har det ikkje lukkast å oppdrive eit tv-opptak frå sendinga, men i desember 2021 fekk ein fan tak i eit nær tre minutt langt opptak frå slutten av sendinga frå finske Yle.[17] Men lydsporet for meisteparten av finalen eksisterer, og det fins nokre filmopptak av vinnarframføringa til Gigliola Cinquetti.[3]

Politisk strid og den fyrste scenestorminga i tevlinga endre

Dette året baud på sin fyrste «skandale», då ein mannleg demonstrant løp opp på scena like etter det sveitsiske bidraget. Mannen kom frå den venstreradikale ungdomsgrupperinga «Gruppe 61».[18][19] Med seg hadde han ein plakat med teksten «boikott Franco og Salazar» – med tilvising til dei dåverande diktatorane i høvesvise Spania og Portugal.[7] I tida før tevlinga var den spanske og portugisiske deltakinga omstridde, og fleire hadde tatt til orde for at dei to landa måtte bli ekskluderte frå Eurovision Song Contest.[7] På lydopptaket frå sendinga kan ein høyre romstering og løping på scena og summing frå publikum,[3] men TV-sjårarane fekk ikkje med seg hendinga, for produsenten skifta raskt til eit bilete av poengtavla og europakartet.[7][18] Programleiar Lotte Wæver fortalde sidan at ho la merke til at mannen kom opp på scena, men at ho ikkje lot seg affisere særleg av hendinga.[4] Demonstranten blei raskt eskortert av scena og fekk seinare ein bot på 5000 danske kroner.[4]

Det skulle gå 46 år før tevlinga blei forstyrra av ein ny scenestormar, då Jimmy Jump storma scena under det spanske bidraget under Eurovision Song Contest 2010Fornebu.[20]

Dirigentar endre

Mens Kai Mortensen var sjefdirigent, hadde fleire av landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkefølgja.[21]

  1.   Luxembourg – Jacques Denjean
  2.   Nederland – Dolf van der Linden
  3.   Noreg – Karsten Andersen
  4.   Danmark – Kai Mortensen
  5.   Finland – George de Godzinsky
  6.   Austerrike – Johannes Fehring
  7.   Frankrike – Franck Pourcel
  8.   Storbritannia – Harry Rabinowitz
  9.   Tyskland – Willy Berking
  10.   Monaco – Michel Colombier
  11.   Portugal – Kai Mortensen
  12.   Italia – Gianfranco Monaldi
  13.   Jugoslavia – Radivoje Spasić
  14.   Sveits – Fernando Paggi
  15.   Belgia – Henri Segers
  16.   Spania – Rafael Ibarbia


Kommentatorar og poengopplesarar endre

Poengopplesarar endre

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa over telefon på engelsk eller fransk. Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.

  1.   Luxembourg – Ukjend
  2.   Nederland – Pim Jacobs
  3.   Noreg – Sverre Christophersen
  4.   Danmark – Pedro Biker
  5.   Finland – Poppe Berg
  6.   Austerrike – Walter Richard Langer
  7.   Frankrike – Jean-Claude Massoulier
  8.   Storbritannia – Kenneth Kendall[22]
  9.   Tyskland – Lia Wöhr
  10.   Monaco – Ukjend
  11.   Portugal – Maria Manuela Furtado
  12.   Italia – Rosanna Vaudetti
  13.   Jugoslavia – Saša Novak
  14.   Sveits – Alexandre Burger
  15.   Belgia – André Hagon
  16.   Spania – Julio Rico


Kommentatorar og sendingar endre

Alle 16 deltakerlanda, i tillegg til Irland og Sverige, kringkasta finalen. Oversikt over kommentatorar, dirigentar og poengopplesarar under Eurovision Song Contest 1964:[23][24]

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kilde
  Austerrike ORF ORF Willy Kralik [25]
  Belgia BRT BRT Nederlandsk: Herman Verelst [26][27]
RTB RTB Fransk: Paule Herreman [27][28][29]
  Danmark Danmarks Radio DR TV Ingen kommentator [8][30]
DR P1
Musikradioen
  Finland Yle Suomen Televisio Finsk: Aarno Walli [31][32]
Yleisohjelma Finsk: Erkki Melakoski
Ruotsinkielinen ula-ohjelma Svensk: Ukjend
  Frankrike ORTF Première Chaîne Robert Beauvais [28][29][33]
  Italia Rai Programma Nazionale Renato Tagliani [34][35]
  Jugoslavia JRT Televizija Beograd Serbisk: Miloje Orlović [36]
Televizija Ljublijana Slovensk: Tomaž Terček [37][38]
Televizija Zagreb Kroatisk: Gordana Bonetti [36][39]
  Luxembourg CLT Télé-Luxembourg Brukte Frankrike sin kommentator [28]
  Monaco Télé Monte-Carlo Brukte Frankrike sin kommentator [40]
  Nederland NTS NTS Ageeth Scherphuis [27][41][42][43]
NRU Hilversum 2 Ukjend [27]
  Noreg NRK NRK Fjernsynet Odd Grythe [44]
NRK Radio
  Portugal RTP RTP Gomes Ferreira [45]
  Spania TVE TVE Federico Gallo [46][47]
RNE RNE Ukjent, sendt med 1 times forsinkelse [47]
  Storbritannia BBC BBC1 David Jacobs [48][49]
  Sveits SRG SSR TV DRS Tysk: Theodor Haller [50][51]
DRS 1 Tysk: Ukjend, sendt i redigert opptak 23. mars [51]
TSR Fransk: Robert Burnier [33]
RSR 1 [52]
TSI Brukte Italia sin kommentator [53]
Radio Monte Ceneri
  Tyskland ARD Deutsches Fernsehen Hermann Rockmann [51]

Kommentatorar for ikkje-deltakande land endre

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kilde
  Irland Telefís Éireann Ukjent [54]
  Sverige Sveriges Radio Sveriges Radio TV Sven Lindahl [55][56]

Kjelder endre

  1. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  2. «Norge skal delta i neste års Melodi Grand Prix». Nordlandsposten. 20. juni 1963. s. 5. 
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 «Eurovision Song Contest 1964». DR/EBU via YouTube. 21. mars 1964. Henta 19. juli 2023. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Hermann, Henrik (28. april 2001). «Dengang i 1964 | fyens.dk». fyens.dk (på dansk). Henta 19. juli 2023. 
  5. «Sejr Volmer-Sørensen | lex.dk». Dansk Biografisk Leksikon (på dansk). 28. mai 2014. Henta 19. juli 2023. 
  6. «Tim, Nelly and Tony». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Henta 19. juli 2023. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 «Copenhagen 1964». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Henta 19. juli 2023. 
  8. 8,0 8,1 «Lørdag 21. marts 1964». Alle tiders programoversigter. Danmarks Radio. Henta 19. juli 2023. 
  9. 9,0 9,1 «Melodi Grand Prix 1964 i Eurovisjonssending fra København». Moss Dagblad. 20. mars 1964. s. 6. 
  10. Knoops, Roy (17. september 2018). «The Netherlands: Anneke Grönloh (76) has passed away». ESCToday (på engelsk). Henta 19. juli 2023. 
  11. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  12. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  13. 13,0 13,1 «NRK P1 1964.03.21 : programrapport». Programrapporter. Norsk rikskringkasting. 21. mars 1964. Henta 3. september 2022 – via Nasjonalbiblioteket. 
  14. «Final of Copenhagen 1964 – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 19. juli 2023. 
  15. «Eurovision Song Contest 1964 – poeng land for land». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 18. juni 2023. 
  16. Jan Dohrmann (20. mars 2019). «BILLEDER: I denne uge er det 55 år siden, Danmark holdt sit første Eurovision i Tivoli». DR (på dansk). Danmarks Radio. Henta 7. mars 2022. 
  17. 17,0 17,1 Susanna Marsiglia (16. desember 2021). «Watch: Exclusive footage of Eurovision 1964 retrieved from Yle's archives by a Reddit user». wiwibloggs (på engelsk). Henta 7. mars 2022. 
  18. 18,0 18,1 «Dramatikk som ikke kom på TV-skjermen». Fremtiden. 23. mars 1964. s. 1. 
  19. «Gruppe 61». www.leksikon.org. Henta 19. juli 2023. 
  20. Hverven, Marit (30. mai 2010). «'Jimmy Jump': – Jeg er en artist». NRK (på norsk bokmål). Henta 7. mars 2022. 
  21. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  22. Roxburgh, Gordon (2012). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Vol. One: The 1950s and 1960s. Telos Publishing. s. 291–299. ISBN 978-1-84583-065-6. 
  23. Roxburgh, Gordon (2012). Songs For Europe The United Kingdom at The Eurovision Song Contest Volume One: The 1950s and 1960s. UK: Telos. s. 326. ISBN 978-1-84583-065-6. 
  24. «The Eurovision Song Contest (1964)». imdb.com. Henta 21. juli 2017. 
  25. «Eurovision 1964 Austria: Udo Jürgens – "Warum Nur, Warum?"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 20. juli 2023. 
  26. Adriaens, Manu; Loeckx-Van Cauwenberge, Joken (2003). Blijven kijken!: vijftig jaar televisie in Vlaanderen. ISBN 90-209-5274-9. 
  27. 27,0 27,1 27,2 27,3 «Radio – Televisie». Limburgs Dagblad (på nederlandsk) (– via Delpher). 21. mars 1964. s. 19. 
  28. 28,0 28,1 28,2 «Radio-Télévision». Luxemburger Wort (på fransk og tysk). viewer.eluxemburgensia.lu. 21. mars 1964. s. 18. Henta 27. desember 2022. 
  29. 29,0 29,1 «1964 – Copenhague». songcontest.free.fr. Henta 20. juli 2023. 
  30. «Programoversigt – 21/03/1964». Larm.fm. LARM. Henta 20. juli 2023. 
  31. «Radio ja televisio». Helsingin Sanomat (på finsk). 21. mars 1964. s. 31. Henta 7. november 2022. (krev abonnement (help)). 
  32. Pajala, Mari (2013). «Intervision song contests and Finnish television between East and West'». Airy Curtains in the European Ether: 215. Henta 20. juli 2023. 
  33. 33,0 33,1 «Programme TV – samedi 21 mars». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Scriptorium Digital Library. 12. mars 1964. s. 29. Henta 20. juli 2023. 
  34. «Oggi sul video». La Stampa. www.archiviolastampa.it. 21. mars 1964. s. 11. Henta 20. juli 2023. 
  35. «TV – sabato 21 marzo». Radiocorriere TV (på italiensk). 15. mars 1964. s. 48–49. 
  36. 36,0 36,1 «Eurovision 1964 Yugoslavia: Sabahudin Kurt – "Život je sklopio krug"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 20. juli 2023. 
  37. Carter, Ford (20. mai 2021). «The Longest-Serving Eurovision Commentators». aussievision (på engelsk). Henta 6. april 2023. 
  38. «Televizija – sobota – 21. marca» (PDF). Glas. 21. mars 1964. s. 11. Arkivert (PDF) frå originalen den 27. desember 2022. 
  39. «Televizija – Subota, 21. ožujka». Slobodna Dalmacija. 21. mars 1964. s. 8. Henta 20. juli 2023. 
  40. «Monaco – Copenhagen 1964». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Henta 20. juli 2023. 
  41. «Anneke en Ageeth al in Kopenhagen». De Waarheid (på nederlandsk) (– via Delpher). 19. mars 1964. s. 1. Henta 20. juli 2023. 
  42. «Nederlandse televisiecommentatoren bij het Eurovisie Songfestival». www.eurovisionartists.nl. Henta 18. juli 2023. 
  43. «Kijk en luister: Dokumentaire over Schiermonnikoog». Leeuwarder Courant. Mediahuis Noord – De Krant van Toen. 23. mars 1964. s. 5. Henta 20. juli 2023. 
  44. «NRK P1 1964.03.21 : programrapport». Programrapporter. Norsk rikskringkasting. 21. mars 1964. Henta 3. september 2022 – via Nasjonalbiblioteket. 
  45. «Boletim do dia». Diário de Lisboa. casacomum.org. 21. mars 1964. s. 15. Henta 23. april 2023. 
  46. LOS40 (28. mars 2018). «Todos los comentaristas de la historia de España en Eurovisión (y una única mujer en solitario)». LOS40 (på spansk). Henta 15. januar 2023. 
  47. 47,0 47,1 «Radio y TV». La Vanguardia (på spansk). Hemeroteca – La Vanguardia. 21. mars 1964. s. 44. Henta 27. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  48. «Eurovision Song Contest Grand Prix 1964». Radio Times. BBC Genome Project. 21. mars 1964. Henta 20. juli 2023. 
  49. Roxburgh, Gordon (2012). Songs For Europe The United Kingdom at The Eurovision Song Contest Volume One: The 1950s and 1960s. Telos. s. 348–358. ISBN 978-1-84583-065-6. 
  50. Carter, Ford (20. mai 2021). «The Longest-Serving Eurovision Commentators». aussievision (på engelsk). Henta 10. april 2023. 
  51. 51,0 51,1 51,2 «Radioprogramm / Fernsehprogramm». Neue Zürcher Nachrichten (på tysk). e-newspaperarchives.ch. 21. mars 1964. s. 19. Henta 20. juli 2023. 
  52. «Programmes radiophoniques – samedi 21 mars». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Héliographia SA. 12. mars 1964. s. 62–64. Henta 20. juli 2023 – via Scriptorium. 
  53. «Radio–TV». Libera Stampa (på italiensk). Sistema bibliotecario ticinese. 21. mars 1964. s. 7. Henta 20. juli 2023. 
  54. «To-Day's TV Programmes». The Irish Times. 21. mars 1964. s. 8. Henta 19. desember 2022. 
  55. Thorsson, Leif (2006). Melodifestivalen genom tiderna: de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing AB. s. 48–49. ISBN 91-89136-29-2. 
  56. «TV idag». Expressen. 21. mars 1964. Henta 19. juli 2023.