Koordinatar: 31°35′25″N 74°18′35″E

Lahore festning (panjabi og urdu شاہی قلعہ (Shahi Qila), 'Kongefestningen', engelsk Lahore Fort) er ein festning i Lahore i Panjab i Pakistan som saman med Shalimar-hagen er rekna som verdsarv av UNESCO. Mesteparten av den noverande festningen blei bygd på 1600-talet,[1]Mogulriket var på høgda si.[2]

Lahore festning

LandPakistan
Innskriven ved UNESCOs 5. sesjon i 1981.
Referansenr. 171.
Kriterium:I, II, III
Sjå ògVerdsarvstader i Asia
BakgrunnsstoffLahore festning ved unesco.org

Festningen ligg nord i gamlebyen innanfor bymuren i Lahore, og omfattar eit område på over 20 hektar.[3] Han omfattar i dag 21 bygningar.[3] Bygginga av den moderne festningen byrja i 1566 under Akbar den store, som gav festnigen ein synkretisk arkitektur som blanda både muslimske og hindumotiv.[3] Under Shah Jahan blei det brukt luksuriøs marmor med inkrusteringar i persisk stil.[3] Den kjende Alamgiri-porten blei bygd under den siste mektige stormogulen, Aurangzeb, og vender mot Badsjahi-moskeen.

Staden der festningen no står har vore busett i tusenår, men den eldste dokumentasjonen av eit forsvarsverk her viser til ein teglverksbygning frå 1000-talet.[3]

Etter at Mogulriket fall blei Lahore festning først brukt av sikh-herskaren Ranjit Singh som bustad. Det blei teke over av Britisk India i 1849 og fall til Pakistan i 1947.

I 1980 nominerte dei pakistanske styresmaktene festningen og Shalimar-hagen i Lahore til UNESCO si verdsarvliste.[3] Dei to stadene blei sett inn som ei felles oppføring på lista i oktober 1981.[4]

Kjelder endre

  1. Ruggles, D. Fairchild (2011). Islamic Gardens and Landscapes. University of Pennsylvania Press. ISBN 9780812207286. 
  2. Islamic art in the Metropolitan Museum: The Historical Context. Metropolitan Museum of Art. 1992. s. 34. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 «International council on monuments and sites» (PDF). UNESCO. Henta 13 April 2015. 
  4. «World Heritage Committee Fifth session». UNESCO. Henta 13. april 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lahore festning