Laila Riksaasen Dahl

norsk prest

Laila Riksaasen Dahl (fødd 7. mars 1947 i Oslo) er ein norsk teolog og Den norske kyrkja sin biskop i Tunsberg bispedømme (Buskerud og Vestfold) frå 2003 til 2014.

Laila Riksaasen Dahl

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. mars 1947 (77 år)
Oslo
Yrke prest, teolog
Verv Luthersk biskop av Tunsberg
Periode 2003-2014
Føregangar Sigurd Osberg
Etterfylgjar Per Arne Dahl
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Arne Willy Dahl
Laila Riksaasen Dahl på Commons

Dahl vart oppnemnt i statsråd den 20. september 2002. Ho har teologisk utdanning frå Menighetsfakultetet i Oslo 1986–199]. Frå før dette har ho lærarutdanning frå Sagene lærerskole 1965 og praksis, både i skoleverket (1970–80), som kateket i Nittedal (1980–84), som fakultetslektor (1984–86) og amanuensis (1990–95) ved Det teologiske Menighetsfakultet. Ho hadde i 1995–2002 prestestillingar i Nittedal, fram til ho vart oppnemnt til biskop.

Ho er den andre kvinna som har vorte oppnemnt til biskop i Den norske kyrkja. Dahl har likevel gjeve uttrykk for at likestillingsloven bør ha unntak for trussamfunn som ynskjer det. Dahl har også fremma argument for at kyrkja ikkje bør ha vigselsrett, og at ekteskapsinngåing bør skiljast i ein obligatorisk offentleg del og ein valfri religiøs del.

Dahl vart innsett som biskop den 9. februar 2003 i Tønsberg domkyrkje. Før innsettinga hadde blomsterdekoratør-elevar frå Gjennestad gartnerskole pynta domkyrkja.

I desember 2005 vart ho mellombels utpeika som biskopane sin preses i sjukdomsfråveret til Finn Wagle. Dahl var ein av to biskopar som gav til kjenne at ho hadde skifta syn på om homofile partnarar skal kunne gjere vigsla teneste i Den norske kyrkja då lærenemnda i kyrkja la fram uttalinga si om dette i januar 2006.