Per Arne Dahl
Per Arne Dahl (fødd 18. august 1950) er prest i Den norske kyrkja, forfattar og skribent. Han vart fødd i Sarpsborg og voks opp på Gjøvik, Vålerenga i Oslo og Kolbotn.
Per Arne Dahl | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. august 1950 (73 år) Sarpsborg kommune |
Yrke | prest |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Per Arne Dahl på Commons |
Per Arne Dahl er òg kjent for eit mangeårig engasjement som spaltist i Aftenposten si søndagsutgåve saman med teiknaren Ulf Aas. Han har dessutan vorte brukt flittig som andaktshaldar i NRK, vore engasjert i sjelesorg og krisar, og han har vore leiar av Institutt for Sjelesorg og Samlivssenteret på Modum Bad. Han var òg medem av Verdikommisjonen som Regjeringa Bondevik oppnemnde. Dahl har vore nominert ved fleire bispeval i Den norske kyrkja. Han fråsa seg nominasjon ved bispeutnemningane i Oslo og Borg i 2005.
Han har ei 50 % stilling i Trefoldighetskyrkja i Oslo, og har i tillegg ansvaret for prestetenesta på Stortinget. Dahl vart i 2003 utnemnd til statsstipendiat med verknad frå 2004. Ved kunngjeringa vart det peika på at han med det allsidige virket sitt har vore med å sprengje grenser når det gjeld kommunikasjon mellom kyrkje og folk. I 1999 fekk han Petter Dass-prisen for arbeid med å formidle tru og verdiar i skrift og tale. Han er gift med Anne Dahl, som òg er teolog og familieterapeut.
Dahl har skrive ei rekkje bøker.
Kjelder endre
- «Per Arne Dahl» Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta 4. januar 2010.
- Knut Olav Åmås [red.]: «Dahl, Per Arne» av Gunn Hild Lem i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).
Bakgrunnsstoff endre
- Bibliografi[daud lenkje] på Bibsys.no
- NRK Nett-TV med Dahl som gjest på programmet Først & sist 16. desember 2005
Biskopar i den norske kyrkja |
Preses: Helga Haugland Byfuglien | Agder og Telemark: Stein Reinertsen | Bjørgvin: Halvor Nordhaug | Borg: Atle Sommerfeldt | Hamar: Solveig Fiske | Møre: Ingeborg Midttømme | Nidaros: Herborg Finnset | Nord-Hålogaland: Olav Øygard | Oslo: Ole Christian Kvarme | Stavanger: Ivar Braut | Sør-Hålogaland: Ann-Helen Fjeldstad Jusnes | Tunsberg: Per Arne Dahl |