Huronsjøen

(Omdirigert frå Lake Huron)

Huronsjøen (engelsk Lake Huron) er ein av dei store sjøane i Nord-Amerika. Han er den nest største av desse sjøane, og den tredje største ferskvatn-innsjøen i verda. Sjøen har eit areal på 59 600 km² og inneheld 3 540 km³ vatn. Største lengde og breidde er 332 og 245 kilometer. Gjennomsnittsdjupna er 59 meter og største djup er 229 meter.

Huronsjøen
innsjø
Huronsjøen sett frå Arch Rock
Land  Canada,  USA
Innsjøtype Glasial
Tilsig St. Marys River
Utløp St. Clair River
Opphaldstid 22 år
Høgd over havet 176 moh.
Lengd 332 km
Breidd 245 km
Areal 59 596 km²
Middeldjupn 59 m
Største djupn 229 m
Volum 3 540 km³
Kystlengd1 6 157 km
Koordinatar 45°00′N 83°00′W
Øyar Manitoulin
Byar Saginaw
Bay City
Alpena
Cheboygan
St. Ignace
Port Huron
Goderich
Sarnia
Kart
Huronsjøen
44°35′33″ N 82°45′23″ W
Wikimedia Commons: Lake Huron
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Manitoulinøya i Huronsjøen

Huronsjøen inneheld den største øya i nokon innsjø i verda. Manitoulinøya skil den nordre kanalen og den georgiske bukta frå resten av sjøen.

Huronsjøen (mørkare blå) og dei andre store innsjøane

Dei fem store sjøane er Øvresjøen, Michigansjøen, Ontariosjøen, Eriesjøen og Huronsjøen.

Større byar ved Huronsjøen endre