Øvresjøen
Øvresjøen (engelsk Lake Superior, fransk Lac Supérieur, ojibwe Gitchigami) er den største av dei fem store innsjøane Great Lakes som ligg på grensa mellom Canada og USA. Han grensar til Ontario i Canada, Minnesota, Wisconsin og Michigan i USA.
Øvresjøen | |||
innsjø | |||
Solnedgang frå Michigan
| |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Nipigon River, Saint Louis River Pigeon River Pic River White River Michipicoten River Kaministiquia River | ||
Utløp | St. Marys River | ||
Opphaldstid | 191 år | ||
Høgd over havet | 183 moh. | ||
Lengd | 563 km | ||
Breidd | 257 km | ||
Areal | 82 414 km² | ||
Middeldjupn | 147 m | ||
Største djupn | 406 m | ||
Volum | 12 100 km³ | ||
Kystlengd1 | 4 385 km | ||
Koordinatar | |||
Øyar | Isle Royale Apostle-øyane | ||
Byar | Duluth Superior Thunder Bay Marquette Sault Ste. Marie | ||
![]() Øvresjøen | |||
Wikimedia Commons: Lake Superior | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Øvresjøen er med sine 82 000 km² den største ferskvatn-innsjøen i verda rekna i areal, Kaspihavet er større men er av saltvatn, og Bajkalsjøen i Sibir har større volum. Største lengde og breidde er 563 og 257 kilometer. Middeldjupna er 149 meter og han er 406 meter djup på det djupaste og inneheld 12 232 km3 vatn.
Strendene, inkludert øyene, har ei total lengde på 4 393 kilometer. Den største øya i innsjøen er Isle Royale. Over 200 elver har utløpet sitt i sjøen, dei største er Nippigon River, St. Louis River, Pigeon River, Pic River, White River, Michipicoten River og Kaministsquia River.
Viktige byar ved Øvresjøen er Duluth, Thunder Bay, Marquette, Sault Ste. Marie, Ontario og Sault Ste. Marie, Michigan.
NamnetEndra
På ojibwe er sjøen kalla «Gichigami» som tyder «stort vatn», men sjøen er betre kjent som «Gitche Gumee». Dette kjem av at Henry Wadsworth Longfellow nytta dette namnet på sjøen i det episke diktet om Hiawatha som heiter The song of Hiawatha. Øvresjøen er også referert til som «Gitche Gumee» i songen The Wreck of the Edmund Fitzgerald av Gordon Lightfoot. Det var franskmennene som gav sjøen namnet le lac supérieur eller Øvresjøen fordi sjøen låg ovanfor Huronsjøen.
Dei store sjøaneEndra
Dei store sjøane består av fem innsjøar; Øvresjøen, Michigansjøen, Huronsjøen, Eriesjøen og Ontariosjøen