Lake Waikaremoana Great Walk

Lake Waikaremoana Great Walk er ei 44 kilometer lang fotturrute som følgjer den sørlege og vestlege breidda til WaikaremoanasjøenNordøyaNew Zealand.[1] Ruta går gjennom ulike slag skogar og grasmarker, og gir ofte framifrå utsyn over innsjøen. Ho er klassifisert sin ei av rutene i Great Walks, og ligg i nasjonalparken Te Urewera National Park.

Bru frå fotturen Lake Waikaremoana Great Walk.

RutaEndra

Utgangspunkta er Onepoto og Hopuruahine, høvesvis ved den sørlege og nordlege enden av innsjøen. Dei fleste brukar tre til fire dagar på å gå turen.[2]

Ruta går gjennom fleire område med privat land, og ved grensa til det verna området Puketukutuku Peninsula Kiwi Refuge.[3][4]

Utsyn over Lake Waikaremoana frå Panekiri Bluff


Stad Distanse Tid Omtale
Onepoto 8,8 km 5 timar Ruta passerer den tidlegare væpna vaktposten Armed Constabulary Redoubt,[5] nær startpunktet. Derfrå stig stien bratt opp til Panekire Bluff. Denne klippeskrenten dannar ein del av den sørlege breidda til innsjøen, og sørgjer for eit storslått utsyn over han. Stien følgjer ryggen, og har fleire skarpe ned- og oppstigingar. Panekire Hut ligg i ein liten rydning like i nærleiken av Panekire Trig point, 1180 moh., ved toppen av klippene. Herfrå er det også framifrå utsyn over sjøen.
Panekire Hut
7,6 km 3–4 timar Stien frå Panekire Hut går vestover, stig og fell over åsrekkja Panekire Range, før han til slutt stuper ned i mykje høgare og fuktigare skog. Ved enden av nedstiginga ligg Waiopaoa Hut and Campsite (hytte og leirplass), der elva Waiopaoa renn inn i sjøen.
Waiopaoa Hut and Campsite
3,6 km 1,5 time Stien går over grasland og gjennom skog, for det meste 10-20 m frå sjøen. Like før leirstaden Korokoro, er der ein avstikkar oppetter elva Korokoro river, til fossefallet Korokoro Falls, som tek kring 30 minuttar kvar veg.
Korokoro Campsite
6,8 km 2,5 time I denne delen har stien svært mange svingar, der han buktar seg langs strandlinja, mot leirplassen Maraunui Campsite, følgjer ei elv oppstraums før han kryssar henne, og kjem ned att medstraums.
Maraunui Campsite
1,7 km 0,5 time Ein kort tur over grasland og ein liten rygg.
Marauiti Hut and Campsite
6,2 km 2 timar Bortsett frå ei kort stiging over ei lita halvøy, følgjer stien den buktande strandlinja mot nordaust.
Waiharuru Hut and Campsite
2,1 km 1,5 time Stien stig ganske bratt, kryssar halvøya Puketukutuku Peninsula, og rører så vidt avgrensinga til kiwireservatet. Han går ned til den andre sida av halvøya, og når fram til leirstaden Tapuaenui Campsite, ved breidda til sjøen.
Tapuaenui Campsite
3,2 km 1 time På nytt følgjer stien sjøen, buktar seg langsetter og gjennom skog, før han når fram til Whanganui Hut.
Whanganui Hut
2,7 km 0,75 time Etter ein kort tur gjennom skogen, når stien fram til stranda der vass-taxiar tek på og set av passasjerar.
Water Taxi Stop (båttransport)
1,25 time
Hopuruahine

Department of Conservation gir svært romslege estimat om gangtid på dei ulike delane av ruta, røynde fotturistar går gjerne ruta på det halve av denne tida.

TransportEndra

Då dette ikkje er ei sirkulær rute, trengst det transport mellom start- og endepunkt. Dei fleste turgåarane brukar lokale buss- eller båttenester som kan køyra ut og henta inn passasjerane til avtalt tidspunkt. Starten og endepunktet til ruta ligg båe ved riksvegen State Highway 38.

Der er ein campingplass for motorkøyrety i Home Bay (Whanganui o parua Inlet), nær informasjonssenteret Āniwaniwa Visitor Centre.

Alle hyttene og leirstadane kan òg nåast med båt, utanom Panekire Hut, og der er fleire båtrampar langs riksvegen State Highway 38.

Avgifter og bestillingarEndra

Der er førehandsbestillingar heile året. Avgiftene er NZ$ 32,00 for hyttene og NZ$ 14.00 for leirplassane.[6] Bestillingar kan gjerast online eller telefonisk frå vevsidene til Department of Conservation:[6]

LokaliseringEndra

Lake Waikaremoana Great Walk ligg i Te Urewera National Park.[7] Byen som ligg nærast ruta, er Wairoa, frå her kan ein avtala transport til og frå sjøen.

Ein har tilgang til Waikaremoana frå to kantar. State Highway 38 bind saman Wairoa og East Coast med den sentrale Nordøya, og går forbi innsjøen og informasjonssenteret Āniwaniwa Visitor Centre. Riksvegen er utan fast dekke i om lag 80 kilometer mellom Murupara og busetnaden Tuai. Der er godt markerte sidevegar til stader ein kan setja ut båtar, og der ein kan koma inn på turstien.

ReferansarEndra

  1. «Lake Waikaremoana». Department of Conservation. Henta 29. juni 2014. 
  2. «Track description». Department of Conservation. Henta 29. juni 2014. 
  3. «Lake Waikaremoana». Waiora: Kiwi for Kiwis. Henta 29. juni 2014. 
  4. «Kiwi Rcovery Work». Department of Conservation. Henta 29. juni 2014. 
  5. «The Armed Constabulary». Wellington: New Zealand Electronic Text Collection. s. 494-496. Henta 29. juni 2014. 
  6. 6,0 6,1 «Fees and Booking». Department of Conservation. Henta 29. juni 2014. 
  7. Map and Profile - Lake Waikaremoana Department of Conservation

BakgrunnsstoffEndra


Koordinatar: 38°46′S 177°05′E