Landar
Landarar er romfartøy som landar på overflata til ein planet eller ein annan himmellekam med fast overflata. Det fyrste romfartøyet som oppnådde ei landing på eit anna objekt i solsystemet, var sovjetiske Luna 2 som landa på månen i 1959. Den fyrste kontrollerte landinga vart gjennomført av Luna 9 i 1966. Den fyrste landaren med mannskap var månemodulen Eagle frå Apollo 11-ferda som landa i 1969.
Den fyrste landinga på ein asteroide vart gjennomført av banesonden NEAR Shoemaker i 2001.
Den fyrste landinga på ein måne tilhøyrande ein annan planet vart gjennomført av Huygens-sonden på saturnmånen Titan i 2005.