Landing Bluff
Landing Bluff er ei klippe i Antarktis med ei bratt austside og fleire små framspring i sørvest. Ho ligg i sørvest i Sandefjordbukta ved Ameryisen, kring 26 km vest for Caroline Mikkelsen-fjellet. Han vart kartlagt av norske kartografar frå flyfoto tekne under Lars Christensen-ekspedisjonen (1936–37) og kalla Strandknatten. Ei røys vart reist på det høgaste punktet for bruk i landmålinga av ANARE i 1968. Han fekk dette namnet etter plasseringa nær landingsplassen for utstyr for gruppa frå ANARE på Ameryisen i januar-mars 1968.[1]
Landing Bluff | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Princess Elizabeth Land | ||
- koordinatar | 69°44′41″S 73°42′35″E / 69.74472°S 73.70972°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Landing Bluff 69°44′41″S 73°42′35″E / 69.7447°S 73.7097°E | |||
I 1987 vart den sovjetiske antarktisbasen Druzhnaya-4 oppretta på Landing Bluff.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Landing Bluff» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: