Landnåmstida

Landnåmstida (frå norrønt landnám, 'det å ta land, landtaking') viser til perioden då Island blei folkesett av nordmennIsland frå 870-åra og framover.[1] Under press frå kong Harald Hårfagre sine ambisjonar i Noreg som utfordra gamle ættesamband valde mange å flytta ut med kvinner, born, trælar, storfe, hester og det dei trengte. På Island fann dei land å busetja seg på, og slo seg ned og skapte småsamfunn. Koloniseringa er skildra i Landnåmabok frå 1100-talet. Boka listar opp 435 menn som dei første busetjarane, dei fleste av dei i nordlege og sørvestlege delar av Island.

Nordmennene lander på Island år 872 . Målerisk framstilling av Oscar Wergeland frå 1877.

Irske munkarEndra

 
Brendan sjøfararen var ein irsk munk som kan ha kome til Island. Her er soga framstilt på eit færøysk frimerke.

Dei første skriftlege kjeldene som nemner Island er ei bok av den irske munken Dicuil, De mensura orbis terrae, som er frå 825. Dicuil hevda her at han hadde møtt nokre irske munkar som hadde budd på øya i Thule, der dei sa at mørket regjerte om vinteren, men at sommaren var lys nok til å plukka lus frå kleda. Íslendingabok av Are Torgilsson Frode hevdar at då det kom nordmenn til Island var det nokre irske munkar – papar – der allereie.

OppdagingaEndra

I alle fall frå midten av 800-talet sigla nordmenn fast til Færøyane, ein avstand på 600 km. Nokre av dei kom så langt av kurs at dei oppdaga Island, som ligg kring 440 km vidare nordvestover. Landnåmaboka hevdar at den første norrøne mannen som gjekk i land på Island var ein nordmann frå Agder som heitte Naddodd. Naddodd blei verande på øya ei kort tid, og då han drog tilbake til Noreg kalla han øya for «Snølandet» (Snæland).

Han blei etterfølgd av ein langvegsfarande svenske, Gard Svavarsson, ein gong rundt 860 då ein storm blæs skipet hans så langt nord at han nådde den austlege kysten av Island. Gard sigla vestover langs kysten og deretter mot nord og bygde ei brakke ved Húsavík. Han fullførte seglinga i ein full sirkel og kunne dermed slå fast at Island faktisk var ei øy. Han drog frå øya i løpet av vinteren og kom aldri tilbake. Han gav staden namn etter seg sjølv, «Garðarshólmur» ('Gards øy'). Ein av folka hans med kallenamnet Náttfari blei igjen med to trælar og busette seg på staden som no er kjend som Náttfaravík. Denne ligg rett ved Skjálfandi. Landnåmaboka seier at heller ikkje denne mannen blei verande fast på Island.

Ramn-FlokeEndra

 
Eyjafjallajökull. Det nye landet blei først kalla Snøland og så Island.

«Floke Vilgerdsson het en mann, han var en stor viking, han dro for å lete etter Garðarshólm» står det i Landnåmaboka, sjølv om det nøyaktige året då Floke kom til Island ikkje er helt klart. Landnåmaboka fortel at han hadde med seg tre ramnar som hjelpte han å finna vegen, noko som gav han tilnamnet Ramn-Floke (Hrafna-Flóki). Han sleppte ramnane fri ved Færøyane. Den første ramnen flaug tilbake. Den andre flaug opp i lufta og vende deretter tilbake til skipet. Den tredje, derimot, flaug framfor skipet, og dei følgde fuglen til Island.

Floke gjekk i land i Vatnsfjord ved Vestfjorden etter å ha passert det som no er Reykjavík. Ein av mennene hans, Faxi, påpeikte at det verka som dei hadde funne eit stort land. Bukta mot Reykjavík blir no kalla Faxaflói. I ein hard vinter døydde alle kyrne til Floke, og han fordømde det kalde landet. Då han såg is driva i fjordan kalla han landet opp etter det, «Island». Trass i vanskane med å finna mat avgjorde han og folket hans menn å bli verande der i eit år til, denne gongen ved Borgarfjord, men då sommaren kom drog dei tilbake til Noreg. I motsetnad til svensken Gard ville Floke koma tilbake og til slutt slå seg ned i det som no er kjend som Flokedal (Flókadalur). Ifølgje soga var han den første som sigla til Island med vilje.

Ingolf ArnarsonEndra

«Det var en mann fra nord, Ingolf», skriv Íslendingabok, «på den tiden da Harald Hårfagre var seksten vintre gammel, bosatte seg sør for Reykjavík.» Ingolf Arnarsson (eller kanskje Bjørnalvsson) var skuldig i eit drap i Noreg, og saman med fosterbroren Hjørleiv drog han på ei utforskingsferd til Island ein gong rundt 874 og overvintra i det som no er Álftafjord. Nokre få år seinare vende dei tilbake for å slå seg ned for godt på øya som dei første landnåmsmennene.

Då dei nådde kysten kasta Ingolf ut høgsetestolpane til forfedrane sin og sa at han ville busetja seg der dei dreiv i land. Ingolf sende dei to trælane Vífill og Karl på leiting etter stolpane, og dei fann fosterbroren Hjørleiv drepen og alle mennene hans borte. Ingolf gav fosterbroren ei gravferd ved å kaste opp ein gravhaug etter gammel sed og skikk. Deretter drog han ut til Vestmannaøyane og hemna Hjørleiv.

Då vinteren tok til å nærma seg fann trælane høgsetestolpane ved det som blei kalla for Arnarvoll. Då sommaren kom bygde han garden sin i Reykjavík ('Røykvikea') og gjorde krav på alt landet vest for elvene Ölfusá, Öxará og Brynjudalsá. Arkeologiske studiar bekrefter at det var ein busetnad på denne staden ein gong på 870-talet.

BusetjingsperiodenEndra

 
Historisk kart over Island, frå Meyers Konversationslexikon (1885-90).

Tida for busetjinga på Island blir rekna som å ha byrja med garden til Ingolf, ettersom han var den første som sigla til Island med det uttalte føremåle å slå seg ned der. I løpet av åra som følgde gjorde mange nordmenn det same, og truleg også ein del svenskar og nokre danskar. Nokre sigla direkte frå den norske vestkysten, men ein del kom sørfrå frå Dei britiske øyane. Dei sistnemnde hadde med seg irske slavar og husfolk.

Ifølgje Íslendingabok blei Island kolonisert i løpet av knappe 60 år. Historikarar viser til år 874 som det første året for busetnad og at landnåmstiden var over i 930, då dei fleste landområda var blitt kravd og Alltinget var blitt grunnlagd på Tingvoll.

Grunnen til at nordmenn drog har blitt forklart med framveksten av kongedømet i Noreg. Snorre Sturlason skreiv at Harald Hårfagre, som døydde rundt år 900, tok odelen frå bøndene. Odelen var ein kvalitet som hefta ved kvar frie mann, ikkje eigendomsretten til ein gard. Bonden sin karakter av å vera ein høgbyrda, fri mann inkluderte retten til å eiga jord. Det såkalla «odelsranet» til kongen kan ha bestått i at kongemakta no gjorde krav på politisk overhøgheit over stormennene, noko desse oppfatta som eit inngrep i fridommen sin. For nokre av dei var alternativet å rømma frå landet. Overbefolking er også blitt nemnd som ein grunn til utflyttinga, men dette har det vore sådd tvil om . Truleg blei næringsbasisen endra på 800-talet frå mangfaldig fleirnæring til ei spesialisering, og til dømes trekte ein del av befolkninga i Hålogaland ned til det rike jordbrukslandet i Trøndelag.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Magerøy, Hallvard (17. januar 2017). «landnåmstiden». Store norske leksikon (på norsk). 

LitteraturEndra

  • Júlíusson, Árni Daníel; Ísberg, Jón Ólafur; Kjartansson, Helgi Skúli; Íslenskur sögu atlas: 1. bindi: Frá öndverðu til 18. aldar Almenna bókafélagið, Reykjavík 1989