Opna hovudmenyen
Tysnesøy
Tysnessåto sett ifrå Svartavassfjellet
Tysnessåto sett ifrå Svartavassfjellet
Geografi
Norway - Tysnes.png
Stad Sunnhordland
Koordinatar 60°00′N 05°35′EKoordinatar: 60°00′N 05°35′E

Areal 199 km²

Høgaste punkt Tysnessåto (753 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Hordaland
Største busetnad Våge (515 innb.)

Tysnesøy er den største øya i Tysnes kommune i Sunnhordland. Arealet er 199 km². Den største tettstaden på øya er Våge med 515 innbyggjarar (2007). Det høgaste punktet på øya er Tysnessåto på 753 meter over havet.

Det går bru frå Lukksund til fastlandet og Fusa kommune. I tillegg er det ferjesamband frå Våge til Halhjem i Os, og frå Hodnanes til Huglo og JektevikStord.

Kart over Tysnes
Utsyn mot Bjørnafjorden frå Svartavassfjellet, nord på øya

Langenuen går langs vestsida av øya, i nord ligg Bjørnafjorden og i aust ligg Onarheimsfjorden.

I førkristen tid og ei stund utover i mellomalderen vart Tysnesøya kalla Njarðarlǫg, som tyder guden Njords lovdømme. Njord veit me ikkje så mykje om, men han var særleg gud for fangst, fiske og sjøfart. Tysnes var frå fyrst av namn på prestegarden, som ligg på nordsida av øya. Det namnet skriv seg òg frå førkristen tid. Fyrsteleddet er namnet på guden Ty, som me veit endå mindre om, men som kan ha vore eit slag krigsgud i slutten av vikingtida, og kan ha vore eit slag overgud eller himmelgud i eldre fasar av heidendommen. Njarðarlǫg-namnet ser ut til å ha levd til 1800-talet på folkemunne før det vart heilt erstatta av Tysnes, men i forvanska form. Fra 1400-talet har me skrivemåter som Iardhalogh, og på 1800-talet Gierlou Øen, som tyder på ein uttale *Jarlo eller *Jerlo.

Litteratur: Olsen, Magnus, 1905: Det gamle norske ønavn Njarðarlǫg. Christiania Videnskabs-Selskabs Forhandlinger for 1905. No.5. Christiania: I Commission hos Dybwad.