Lárisa

(Omdirigert frå Larisa)
Lárisa
Lokalt namn Λάρισα
St Achilles Larissa.jpg
Katedralen i Lárisa
Geografi
2011 Dimos Larisas.png
Stad Thessalía
Koordinatar 39°38′N 22°05′EKoordinatar: 39°38′N 22°05′E
Areal 335,1 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Thessalía
Lárisa
Hovudsete Lárisa (144 651 innb.)
Demografi
Folketal 162 591 (2011[1])
Folketettleik 483,9 /km²

Lárisa (gresk: Λάρισα) er ein by og kommune og hovudstaden i periferien Thessalía og periferieininga Lárisa i Hellas. Han er det største jordbrukssenteret i landet og eit nasjonalt trafikknutepunkt med jernbane både til hamna i Vólos, Thessaloníki og Aten.

HistorieEndra

Antikken og mellomalderenEndra

Ein har funne spor frå steinalderen i området, men det låg i utkanten for dei meir avanserte kulturane. Området rundt Lárisa var særs frodig og var eit viktig jordbruksområde i antikken og særleg kjend for hestane sine.

Namnet Lárisa var eit vanleg namn på mange pelasgiske byar og kjem frå den greske nymfen Larissa eller frå det antikke greske ordet larissa, som tyder «skanse» på norsk. Ein meiner at det var i Lárisa den kjende greske lækjaren Hippokrates og filosofen Gorgias av Leontini døydde.

Lárisa ligg nær staden som Homer kalla Agrissa. I tidlege tider, då Thessalía hovudsakleg vart styrt av eit par aristokratiske familiar, var han ein viktig by under styret til Aleuadae, som styrte over heile området Pelasgiotis. Innbyggjarane tok Aten si side under peloponnesarkrigen og som ein del av Romarriket var han forholdsvis viktig. Heilt sidan 400-talet har byen vore sete for eit erkebispedøme.

Moderne periodeEndra

Lárisa var hovudkvarteret for Ali Pasha under den greske sjølvstendekrigen og kronprinsen Konstantin under den gresk-tyrkiske krigen 1897. Fram til 1881 var han sete for ein pasha i wilaya Iannina i Det osmanske riket. På tyrkisk vart byen kalla Yenişehr-i Fenar. Den lange perioden under osmanarane har viska ut mange spor av antikken. Han var tidlegare eit tyrkisk militærsenter og dei fleste innbyggjarane hadde tyrkisk opphav. På 1800-talet var det ein liten landsby ved utkanten av byen busett av afrikanarar frå Sudan, eit rest av styrkar som Ali Pasha samla saman. Mange av tyrkarane emigrerte i 1881 då byen vart ein del av Hellas.

Administrativ inndelingEndra

 
Kart over kommunaleiningane i kommunen Lárisa. ██ 1 - Lárisa ██ 2 - Jánnouli ██ 3 - Kiláda
 
Den tidlegare kommunen Lárisa, no kommunaleininga Lárisa

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 162 591 innbyggjarar, medan kommunaleininga Lárisa hadde 146 926 og tettstaden med same namn 144 651 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstaderEndra

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Lárisa Lárisa 144 651
Jánnouli Jánnouli 7 885
Fálanna Jánnouli 3 987
Terpsithéa Lárisa 1 992
Kiláda Kiláda 628
Dasokhóri Jánnouli 624
Elevtherés Kiláda 520
Mándra Kiláda 512

Kjende personarEndra

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
  2. Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 22. november 2010, henta 22. november 2010 

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra