Lars Aukrust

norsk bonde og politikar

Lars Olsson Aukrust (2. oktober 188610. januar 1965) var ein norsk skulemann frå Lom i Oppland. Han var far til Odd og Kjell Aukrust, bror til Olav Aukrust.

Lars Aukrust

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. oktober 1886
Lom kommune
Død

10. januar 1965 (78 år)

Yrke politikar, skuleleiar
Språk norsk
Politisk parti Senterpartiet
Lars Aukrust på Commons

Lars Aukrust tok eksamen ved Storhove landbruksskule i 1907 og ved jordbruksavdelinga på Noregs landbrukshøgskule i 1911. Perioden 1911-13 underviste han i realfag ved ein folkehøgskule i Østfold. Dei fire år 1914-17 var Aukrust fylkesagronom i Nordre Østerdalen. Samstundes byrja han 30 år virke som dommar for Statens storfeutstillingarTynset. Frå 1918 til 1945 var Aukrust styrar på Storteigen landbruksskole i Alvdal.

Lars Aukrust og kona

Eit års tid i 1917-18 arbeidde Aukrust for Selskabet for Norges Vel, ein organisasjon der han sidan var formann i eit Sæter- og beiteutval. I tida 1934-45 var han styremedlem i Selskapet for Norges Vel.

Aukrust melde seg til teneste då Bondepartiet vart skipa. Han var såleis varamann til Stortinget 1922-24 og 1928-30. Hausten 1933 lukkast han vinne fast plass i stortinget, representerte då partiet og Hedmark valperioden 1934-36. Han hadde sete i Universitets- og fagskulekomiteen. Sidan var Aukrust landsstyremedlem i Bondepartiet frå 1938 til -45.

Kjelder endre