Lars Olsson Follum (27. oktober 18227. november 1905) var ein norsk lækjar frå Norderhov som var distriktslækjar i Alta 1856-79 og elles gjorde «mykje for å hjelpa fram heradet og fylket».

Lars Follum
Fødd 27. oktober 1822
Død

7. november 1905

Yrke lege

Liv og gjerningEndra

Follum var son til ein gardbrukar i Norderhov. Han tok preliminæreksamen i 1840 og medisinsk eksamen i 1845 i Christiania. Tiåret 1846-56 dreiv han privat lækjarpraksis i Ålesund og var 1848-55 fattiglækjar i Borgund herad. I 1856 vart han tilsett som distriktslækjar i Alta, ei stilling han hadde til 1879.

Follum var ordførar i Alta-Talvik, seinare Alta, i tida 1857-66, og forlikskommissær 1860-66. Han var formann i landbruksselskapet i amtet frå 1859, og medlem av ein kongeleg kommisjon av 1861 om jord- og skogtilhøva i Finnmark. Kommisjonen kom med «framlegg til nye reglar for avhending av statsjorda i Finnmark». Follum dreiv jordbruk og fekk dyrka mykje jord. Han sette også i gang med turking av klippfisk i Alta, og i 1861 var han med å skipe Alta Sparebank, styremedlem i banken i mange år.

Han busette seg i Laksevåg i Hordaland i 1880, og døydde der.

KjelderEndra