Lars Helljesen

norsk musikar

Lars Helljesen er ein norsk gitarist, mest kjend som medlem av den norske folkrockgruppa Folque.

Han kom inn i Folque i 1975 og deltok på alle innspelingane deira frå den andre plata, Kjempene på Dovrefjell til den siste, i tillegg til gjenforeiningskonsertane deira. I tillegg til gitar spelte han stundom bass og tverrfløyte.

Han var medlåtskrivar på somme låtar på Veslefrikk-albumet Veslefrikk 1980 frå 1980.

Etter Folque gav seg starta Helljesen bandet Jomfru Mortensens Trio i lag med Jenn Mortensen og Morten Bing frå Folque. Dette var ei akustisk vidareføring av Folque. Dei gav aldri ut noko album. I dette bandet spelte Helljesen i tillegg til gitar og fløyte òg trompet.

Lars er bror til Lisa Helljesen som song i Folque på dei tre første albuma.

Kjelder endre