Lars Nyre
Lars Nyre (fødd i 1969)[1] er ein norsk professor i medievitskap ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Nyre er fødd i Bergen og vaks opp på Voss.[1]
Lars Nyre | |||
| |||
Fødd | 1969 Bergen | ||
---|---|---|---|
Bustad | Bergen | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | professor | ||
Alma mater | Universitetet i Bergen | ||
Kjend for | Professor |
I 2003 tok han doktorgraden på ei avhandling om opplevinga av radio- og musikklyd i Vesten frå 1870 fram til i vår tid.[1] I 2008 gav han ut boka Sound Media[2], som er delvis basert på doktoravhandlinga. Frå 2004 har Nyre vore forskningsleiar av europeisk format, og etablerte blant anna forskningsnettverket DRACE,[3] som forsker på det digitale radiolandskapet.
Eit viktig område i Nyre sitt arbeide er måten medieutvikling skaper endring i samfunnet, og korleis demokratisk deltaking kan førast vidare i digitaliseringa av samfunnet. Han studerer samspelet mellom teknologi og samfunn, og har ei brei tilnærming til dette som inkluderer teknologifilosofi, persepsjonsteori og mediedesign.[4]
Nyre har arbeidd med vitskapsteoretiske emner, og dei senere åra har arbeidet hans dreidd seg mot praktiske og empiriske tema. Han har utforska foreininga mellom forskning og utvikling av ny medieteknologi. I 2005 utførte han det redaksjonelle eksperimentet Demostasjon ved Høgskulen i Volda. I 2008 utvikla han i samarbeid med informasjonsvitarar og studentar Lokanytt, ein GPS basert teknologi for å skapa journalistikk med mobiltelefonen. I dag (2018) leier han TekLab,[5] eit akademisk nettverk for teknologiutvikling som er støtta av Universitetet i Bergen og lokalisert i Media City Bergen.
Nyre er lærebokforfattar og har blant andre samarbeidd med Linda Eide om radiojournalistikk.[6] Han er ein kommentator til medieutviklinga i Noreg og har vore fast kommentator i blant anna Bergens Tidende.
Bibliografi
endre(utval)
- Forfattar
- Radioen og det lydlege: om nokre føresetnader for studiet av mediepersepsjon. Institutt for medievitenskap, Universitetet i Bergen. 1997. ISBN 8257803693[Hovedoppgave i medievitenskap - Universitetet i Bergen, 1997 I. ]
- Fidelity matters: sound media and realism in the 20th century. Distribution: Haugen bok. 2003. ISBN 8276611729. [Avhandling (dr. art.) - Universitetet i Bergen]
- Sound media : from live journalism to music recording. Routledge. 2008. ISBN 041539113X.
- Redaktør - bidragsytar
- Atle Skorstad og Lars Nyre, red. (2001). Magiske systemer: klassiske tekster om medier og kulturell endring. Spartacus. ISBN 8243001794.
- Linda Eide og Lars Nyre (2004). Radioradio: lyd i journalistikk. Samlaget. ISBN 8252161618.
- Per Jauert, Marko Ala Fossi, Stephen Lax, Lars Nyre og Helen Shaw (2010). Digital Radio in Europe: Technologies, Industries and Cultures. Intellect.
- Jørgen Warvik Lyngvær, Linda Eide og Lars Nyre (2017). Lydjournalistikk: innføring i radio og podkasting. Samlaget.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Nyre, Lars, Lyd i mediene, dr.art., disputas: 31.05.2003». www.uib.no. Henta 7. januar 2018.
- ↑ Sound Media: from Live Journalism to Music Recording, Routledge 2008
- ↑ Digital radio cultures in Europe[daud lenkje]
- ↑ http://www.uib.no/personer/Lars.Nyre
- ↑ TekLab, Bergen
- ↑ «Målpris til NRK-journalist - Utdanningsnytt». Utdanningsnytt (på norsk bokmål). 19. mars 2010. Henta 10. januar 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Lars Nyre i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin