Lars Olsson Sæbø (24. februar 186617. juni 1941) var ein norsk skomakar som var stortingsmann for Arbeidarpartiet frå 1906 til 1915.

Lars O. Sæbø
Fødd 24. februar 1866
Død

17. juni 1941

Yrke politikar, fagforeiningsleiar
Stortingsgruppa til Arbeidarpartiet i 1906. Sæbø er bak til høgre.

Sæbø var son til ein gardbrukar i Manger. 15 år gammal flytta han til Bergen og gjekk i skomakarlære. Han dreiv så frå 1888 til 1906 eiga skomakarforretning i byen. Frå 1899 var han bystyremedlem, med plass i formannskapet 1907-10. Han var aktiv i fagforeiningsarbeid, i mange år formann i skotøyarbeidarforeininga og med i Samorg-styret for Bergen.

Sæbø representerte einmannskrinsen SandvikenStortinget i tida 1906-15. Han var alle åra medlem i Sosialkomiteen. I 1913-sesjonen var han sjukmeld frå 28. januar til 4. april. Ved stortingsvalet 1915 fekk han flest røyster i valkrinsen i fyrste valomgang, men tapte andre valomgang då Høgre-veljarane flokka seg om Venstre-kandidaten Jørgen Blydt.

KjelderEndra